Det er sundag og tåka ligg
tett utover Vangsvatnet.
Det er 8. oktober og hausten er her. Me har endeleg ein
sundag heilt fri utan planar.
Spørsmålet er når ein står opp
til ein ny dag, kva skal dagen
innehalda? Skal ein vaska hus,
baka kake, sjekka Facebook, instagram, reisa på besøk, trena,
ikkje trena, gå tur, leggja seg på
sofaen, lesa bok, måla, skriva,
førebu middag, invitera til middag? Det er så mange val – kva
skal ein velja? Ein kan fort la
dagen forsvinna utan å få gjort
noko dersom ein ikkje tek bevisste val. Kva ynskjer me å fylla
dagen med? Kvifor?

Les meir

Samhandling – interaksjon, ord som skildrar
samspel eller vekselvirkning mellom to eller fleire aktørar som handlar med kvarandre. Direkte kommunikasjon.
Tale, kjærteikn, ansiktsutrykk.
Felles for desse er at dei opprettheld og utviklar forholdet
mellom partane. Men samhandling føreset ei viss grad av gjensidighet.

Les meir

Verdens helseorganisasjon
WHO som vart etablert
i 1948 har definert helse
som «Ein tilstand av fullkome
kroppsleg, sjeleleg og sosialt
velvere og ikkje berre fråvere av
sjukdom».
Dette er ein veldig brei
definisjon og WHO skriv sjølv
at «mange meiner denne definisjonen fungerer dårleg fordi den
er uoppnåeleg».
P

Les meir

I løpet av ein dag har me ca
60.000 tankar i hovudet
vårt. Dei fleste tankane tenkte me også i går og for ei veke
sidan. Eit innarbeid tankemønster kan me ha drege med oss
heilt frå barnsbein av. Når me
vågar oss ut i noko ukjent, eller
opplever nye situasjonar eller
møter folk som tenkjer annleis
enn oss sjølve, vert me utfordra
på vårt automatiske tankesett.

Les meir

Det er fantastisk med adventstid og førjolstid
– iallfall hugsar eg som
lita jente at dette var mykje kos.
Stearinlys, jolemusikk, baking
og joleførebuingar. Gleda og forventningane om kva som kom til
å liggja under joletreet låg som
ein gledesklump i magen. Ynskjelista var lang og det var alltid
med håp at det som stod øvst på
lista låg under treet. Eg minnast
mor og bestemor baka og tralla
på kjøkkenet og det var alltid
glede og godstemning.

Les meir

«Det har eg aldri prøvd før, så
det trur eg sikkert eg kan klara!»
seier Pippi Langstrømpe.
Då eg fekk spørsmål frå Geir
Geitle om eg ville skriva innlegg
i Hordaland, skal eg vera heilt
ærlig og seia at eg lo høgt og eg
lo lenge! At han i heile tatt hadde
tenkt på meg kom som eit lite
sjokk. Kva skal no eg ha å bidra
med? Men Geir var overtydd om
at eg var rett dame på rett plass
– så då vart eg så beæra at eg sa;
ok – eg kan prøva!

Les meir