Påskefri – men kvifor klarer eg ikkje å lande?
Endeleg fri. Nokre dagar utan jobb, faste rutinar og fullt program. Du har kanskje sett fram til å puste ut – men så kjem roen… og tankekjøret.
Kroppen sit i sofaen, men inni deg går det rundt. Tankar, uro, indre stress. Kanskje kranglar du med deg sjølv – eller med dei du er glad i.
Har du kjent på det?
Eg har kjent det sjølv. Den stille kampen inni meg, der eg tenker «berre litt til, så kan eg slappe av». Men kva skjer? Tankane stoppar ikkje. Eg sjekkar mobilen. Ser på nyhender. Likar eit innlegg. Les om ein annans problem. Og plutseleg sit eg der – med eit overaktivert nervesystem, sjølv om eg eigentleg har fri.
Jakta på dopamin – når me aldri landar
Me lever i eit samfunn der dopaminpådrag er overalt. Dopamin er ein viktig signalstoff i hjernen – det gir oss kjensle av motivasjon, lyst og belønning. Me treng det! Men utfordringa kjem når me jaktar på denne gode kjensla heile tida, gjennom stimuli som:
- skjermbruk og sosiale medium
- sukker og alkohol
- drama i nyhender og på nett
- å alltid vere «på» – gjere meir, prestere meir, sjekke meir
Då er me i ein konstant aktiveringstilstand. Hjernen får ikkje pause. Nervesystemet vårt får ikkje roe seg. Frå gamalt av er det som å springe frå ein bjørn kontinuerleg- sjølv om det ikkje er sant. Du kan sitte i ro i stolen men nervesystemet ditt er påkobla.
Når nervesystemet aldri får kvile
Nervesystemet vårt er laga for balanse.
Sympatikus er gasspedalen – den delen som aktiverer oss, får oss til å handle og møte dagen. Den gjer oss skjerpa, men også urolig om den får styre aleine for lenge.
Parasympatikus er bremsen – den som gir oss kvile, fordøying, ro og restitusjon. Den aktiverast først når kroppen kjenner seg trygg.
👉 Problemet er at mange av oss har ein overaktivert sympatikus, og gløymer å støtte kvilesystemet. Resultatet?
Søvnproblem, magevondt, irritabilitet, uro, utmatting, muskelplager, betennelsar, infeksjoner – og ei oppleving av å aldri heilt lande.
Me treng meir støtte – ikkje meir stimuli
I ein kvardag full av inntrykk – frå morgon til kveld og ofte langt utover natta – treng me ikkje meir påfyll. Me treng støtte. Kroppen lengtar etter ro, rytme og tryggleik. Og det startar ofte med heilt enkle ting:
🧶 Strikking – rytmiske rørsler som gir ro i nervesystemet
📖 Lesing – la seg dykke inn i ei verd utan skjermlys
🍲 Lage mat – bruke sansane, vere til stades i det du gjer
🚶🏽♀️ Vandring i naturen – kjenne underlaget, lukta, lyden
🛁 Kaldt bad & badstu – ei kraftfull regulering av nervesystemet
🫂 Ein god klem – fysisk kontakt gir tryggleik og ro
💬 Gode samtaler og latter – saman med dei som gjer deg godt
😌 Berre vere – utan å prestere, utan skjerm, utan krav
Det handlar ikkje om å gjere meir, men å vere meir til stades – i kroppen, i augneblikket, i det som faktisk skjer her og no.
Lyttar du, eller er du allereie ein annan plass?
Noko av det viktigaste eg øver på, er tilstadesver. Å lytte. Verkeleg vere til stades når nokon snakkar til meg – i staden for å vere opptatt av kva eg sjølv skal seie, eller tenke på alt anna eg burde gjort.
Det er ei øving. Ei øving i nærvær. I å vere her, ikkje berre pålogga.
Og når eg klarer det – kjenner eg korleis kroppen min slepp litt. Pusten blir djupare. Pulsen rolegare. Tankane får pause.
Kva gir deg tryggleik og kvile?
Påskefri handlar ikkje berre om å ha fri frå arbeid – men om å finne tilbake til deg sjølv. Å støtte nervesystemet, lytte innover og skape rammer der du kan lande og finne ro og fred inni deg og med dei rundt deg.
Det kan vere:
- ei bok i fanget
- ei gryte som putrar
- ei vandring med nokon du er glad i
- eller berre stilla – med pusten, kroppen, og deg sjølv
Så kva støttar deg i dag?
Er det ei belastning , eller ei støtte for nervesystemet ditt?
Eg håpar du finn små pustehol i desse påskedagane.
Kanskje nokre stunder der du faktisk kjenner:
«No er eg her. No kviler eg.»
Med ynskje om ei GOD påske😎
Varme helsingar,
Gunn Marit
GMB Aktiv Helse