Publiserte artiklar
Voss – ei bygd i bevegelse
Det er med glede og takksemd eg syklar gjennom vossabygda i skinande
sol. I det eg syklar heim frå jobb i lokala mine i idrettshallen, møter eg på menneske i aktivitet i alle aldrer og på alle nivå. Fotballbanane boblar over av ivrige fotballspelarar.
Våren er her!
Etter ein flott og lang vinter er me alle klare for vår.
Mange kjenner at motivasjonen aukar for å gjera utandørs aktivitetar når det vert
varmare og lysare i veret. Kva
med å lata våren 2018 vera våren der du møter sommaren i di
beste form?
Forandring frydar, eller …?
Det nærmar seg vår og både menneske, dyr og naturen byrjar å gjera seg klare for å spira og gro. Ordtaket «ein ny vår» kan brukast når ein ynskjer forandring. Vinterens dvale er forbi, nye frø kan bli sådd og få anlegg til å veksa og slå ut i full blomst.
Les meirÅ gjera seg sjølv og andre gode
Nyttårstalen til kongen sette mennesket i fokus. – Mennesket er vår viktigaste ressurs, og me skal ha
nulltoleranse for mobbing, sa han. Dette kan høyrast naivt ut, synest mange, for mobbing har alltid funne stad og vil aldri forsvinna, er argument eg har høyrt. Men er ikkje det ei enkel, lettvint og negativ haldning? Skal me akseptera at det i det heile skal finna stad? Kva gjer
du om du ser nokon som ikkje blir behandla fint, stadig blir hakka på, utestengt eller gjer noko fysisk eller psykisk mot nokon annan? Seier du frå eller snur du deg vekk og let som du ikkje ser?
Fattigdom i Noreg 2017
N oreg er eit land prega av stor økonomisk velstand og gode materielle levekår for dei aller fleste born og
unge. Men ifylgje Oppvekstrapporten 2017 aukar barnefattigdommen i dette landet. Ifylgje rapporten veks no kvart tiande barn opp i familiar som har låginntekt over lengre tid.
Kvifor gjer du som du gjer?
Eg har ofte undrast over
kvifor eg tek dei vala eg
gjer, og kvifor andre tek
dei vala dei gjer?
Digital detox?
Samhandling – interaksjon, ord som skildrar
samspel eller vekselvirkning mellom to eller fleire aktørar som handlar med kvarandre. Direkte kommunikasjon.
Tale, kjærteikn, ansiktsutrykk.
Felles for desse er at dei opprettheld og utviklar forholdet
mellom partane. Men samhandling føreset ei viss grad av gjensidighet.
God helse – kva er det?
Verdens helseorganisasjon
WHO som vart etablert
i 1948 har definert helse
som «Ein tilstand av fullkome
kroppsleg, sjeleleg og sosialt
velvere og ikkje berre fråvere av
sjukdom».
Dette er ein veldig brei
definisjon og WHO skriv sjølv
at «mange meiner denne definisjonen fungerer dårleg fordi den
er uoppnåeleg».
P
Frykta si stemme
I løpet av ein dag har me ca
60.000 tankar i hovudet
vårt. Dei fleste tankane tenkte me også i går og for ei veke
sidan. Eit innarbeid tankemønster kan me ha drege med oss
heilt frå barnsbein av. Når me
vågar oss ut i noko ukjent, eller
opplever nye situasjonar eller
møter folk som tenkjer annleis
enn oss sjølve, vert me utfordra
på vårt automatiske tankesett.
Å jol med di glede …!
Det er fantastisk med adventstid og førjolstid
– iallfall hugsar eg som
lita jente at dette var mykje kos.
Stearinlys, jolemusikk, baking
og joleførebuingar. Gleda og forventningane om kva som kom til
å liggja under joletreet låg som
ein gledesklump i magen. Ynskjelista var lang og det var alltid
med håp at det som stod øvst på
lista låg under treet. Eg minnast
mor og bestemor baka og tralla
på kjøkkenet og det var alltid
glede og godstemning.