Kvifor er endring så vanskeleg – sjølv når vi veit kva som er bra for oss?

Endring startar alltid med oss sjølve. Vi veit ofte kva som er godt for oss – men likevel er det vanskeleg å gjere noko med det. Kvifor?

Fordi hjernen vår søkjer tryggleik. Og tryggleik er ofte det som er kjent, ikkje nødvendigvis det som er sunt for oss.

Når gamle mønster held oss fast

Hjernen vår elskar vaner. Difor kan vi halde fast på mønster som ikkje tener oss, rett og slett fordi dei er føreseielege. Dette ser vi i mange situasjonar:

  • Folk som blir verande i usunne relasjonar fordi det kjennest tryggare enn å gå ut i det ukjente.
  • Personar som vel stress og overarbeiding fordi ro kjennest uvant – og dermed utrygt.
  • Menneske som veit at kroppen deira treng bevegelse, men som likevel vel sofaen framfor ein liten tur.

Det handlar ikkje om latskap eller manglande viljestyrke. Det handlar om at hjernen og kroppen vår er van med ein viss måte å fungere på – og å endre det kan kjennest både skummelt og ubehageleg.

Kvifor er gode vanar så vanskelege?

Mange trur at det berre er dei «dårlege» vanane som er vanskelege å bryte. Men å etablere nye, gode vanar kan vere like utfordrande.

  • Å kutte ut sukker, alkohol eller skjermtid kan gi ein førebels dropp i velvære-hormona våre, sjølv om det er bra for oss på sikt.
  • Å starte dagen med bevegelse kan kjennast tungt i starten, fordi kroppen vår er van med å starte dagen på autopilot.
  • Å prioritere søvn framfor ein ekstra episode av favorittserien krev bevisstheit – fordi TV, telefon og snacks stimulerer belønningssystemet vårt på kort sikt.

Hjernen vår søker umiddelbar belønning, men mange av dei gode vala vi kan ta, gir først gevinst på sikt.

Når kroppen huskar det vi ønskjer å gløyme

Om du har levd lenge i stress eller usunne mønster, kan det faktisk kjennest ubehageleg når du startar å ta vare på deg sjølv.

  • Har du kjent uro etter ei god treningsøkt?
  • Har du byrja med meditasjon, berre for å kjenne deg rastlaus og ukomfortabel?
  • Har du forsøkt å ete sunnare, men merka at du lengtar etter raske sukkerkick?

Dette er heilt normalt. Når vi endrar oss, utfordrar vi hjernen og kroppen til å gå ut av det kjente – og det kan vekkje motstand.

Autopilot og gamle reaksjonsmønster

Kroppen vår huskar det vi ikkje har forløyst. Gamle sår som har satt seg fast i nervesystemet kan gjere at vi reagerer som vi gjorde då vi var barn – sjølv om vi no er vaksne og veit at situasjonen ikkje er farleg.

  • Har du opplevd at du blir heilt nummen i ein pressa situasjon? Då kan kroppen din gå i frys-respons, slik du kanskje gjorde som barn når du ikkje såg ei utveg.
  • Eller kanskje du reagerer med kamp eller flukt, utan at du eigentleg forstår kvifor? Det er autopiloten din som tek over, fordi kroppen ikkje har fått hjelp til å sleppe gamle traume.

Sanninga er: kroppen din hugsar det sinnet ditt har prøvd å gløyme. Difor er det viktig å gi seg sjølv rom til å forløse det som sit fast.

Stillheit: Våge å møte deg sjølv

Vi unngår ofte stillheit. Det er lettare å sjå ein serie, rulle gjennom mobilen eller halde seg oppteken – fordi stillheit kan vekke kjensler vi ikkje heilt veit korleis vi skal handtere.

Men det er i stillheita vi kan:

  • Høyre kva autopiloten vår eigentleg seier.
  • Lære å skilje mellom reell fare og gamle fryktreaksjonar.
  • Bli kjent med vårt eige nervesystem og støtte oss sjølve i å skape tryggleik innanfrå.

Meditasjon, oppmerksomt nærvær i eigen kropp og mjuk bevegelse kan hjelpe oss å løyse opp det som har satt seg fast.

Finn ein god mentor

Nokre ting kan vi bearbeide sjølve, men ofte treng vi hjelp utanfrå. Ein god mentor eller terapeut kan sjå heile deg – utan dei filtrene du sjølv har utvikla for å beskytte deg.

Å bli spegla av nokon som ser deg, forstår deg og hjelper deg å skape tryggleik i eigen kropp, kan vere avgjerande for å forløse det som sit fast.

5 små steg mot endring

Endring er ein prosess, ikkje eit mål. Her er nokre små steg du kan starte med:

  1. Vel éi positiv endring å starte med – Gå til jobb, gjere morgonøvingar, ete mindre sukker eller prioritere søvn.
  2. Våge stillheit – Set av nokre minutt kvar dag til å vere heilt til stades med deg sjølv.
  3. Bli bevisst reaksjonane dine – Når du merkar motstand, spør deg sjølv: Er dette verkeleg farleg, eller berre uvant?
  4. Tillat ubehaget utan å stoppe – Det er normalt at endring vekkjer motstand. Det betyr ikkje at du gjer noko feil – berre noko nytt.
  5. Søk støtte – Finn nokon som kan hjelpe deg å sjå mønstera dine og trygt leie deg gjennom endringsprosessen.

Vil du la andre definere deg – eller ta tilbake krafta di?

Endring byrjar med deg🙌