Det er sundag og tåka ligg
tett utover Vangsvatnet.
Det er 8. oktober og hausten er her. Me har endeleg ein
sundag heilt fri utan planar.
Spørsmålet er når ein står opp
til ein ny dag, kva skal dagen
innehalda? Skal ein vaska hus,
baka kake, sjekka Facebook, instagram, reisa på besøk, trena,
ikkje trena, gå tur, leggja seg på
sofaen, lesa bok, måla, skriva,
førebu middag, invitera til middag? Det er så mange val – kva
skal ein velja? Ein kan fort la
dagen forsvinna utan å få gjort
noko dersom ein ikkje tek bevisste val. Kva ynskjer me å fylla
dagen med? Kvifor?

Les meir