Gruppetrening

GMB aktiv helse AS ynskjer å bidra til helsefremmande og forebyggande aktivitet. I gruppetreninga trener du saman med andre. Dette skapar motivasjon, tilhøyrighet og felleskap. I tillegg til pust, pes og svette tilbyr me også rolegare gruppetreningar med fokus på nærver, pust og rolege bevelsar som høver din kropp og din rytme. Me ynskjer å gje deg meistring og bevegelsesglede, og ny innsikt i eigen kropp. Tilbakemeldingar frå kundar er at dei føler seg trygge og ivaretatt, dei føler seg sett og opplever meistring utifår sine behov. Itilegg kjenner ein på godt humør og bevegelseglede etter ein time hjå oss.

Vårt motte er:

"Saman gjer me kvarandre betre og sterkare".

Instruktørane har god erfaring og høg utdanning innan deira fagfelt.