Devayoga - kurs hjå Gunn Marit har vore med å endra og forbetra min pust. Med yrke som utøvande songar er eg heilt avhengig av ein god, djup og kontrollert pusteteknikk, og etter å ha streva ein periode dei seinare åra har eg kome tilbake til ein mykje meir naturleg og djup pust ved m.a. hjelp frå Gunn Marit sin kunnskap. Devayoga-timane har vore gull for meg, og eit høgdepunkt i veka. Gunn Marit møter alle med varme, tryggleik og stor kunnskap. Eg har òg vore med på GMB aktiv helse - arrangement som Hjartepust, Pippi power og fylgt jolakalenderen i desember. Eg tilrår alt dette på det varmaste! No ser eg fram til ein vinter og vår med Fysio-sling!
- Berit Opheim
Kveik AS er takksame for det gode samarbeidet me har med GMB Aktiv Helse AS.
Me får utrulig gode tilbakemeldingar frå deltakarane som har vore til undersøking/behandling/trening/yoga hjå Gunn Marit. Ho har ei FANTASTISK EVNE til å skape POSITIVE endringar hjå mennesker med langvarige /kroniske plager/sjukdomar eller som er i ein sårbar situasjon. Ho er kjempedyktig.
Kveik AS skal drive arbeidsretta rehabilitering i åra framover og vil garantert samarbeide vidare med Gunn Marit og GMB Aktiv Helse AS for veiledning, behandling, trening og yoga.
Takk so langt 🙂
- Lena Gjernes , Kveik AS
Silje Sellevold Ringheim
Eg valte å gå til Gunn Marit fordi det over lang tid hadde bygd seg opp mykje indre stress.Eg starta saman med nokon andre ei eiga bedrift, KAMI Frisør og…
Les meirVektnedgang med Jan Ove Mjånes
Vektnedgang med Jan Ove Mjånes Etter vektnedgang Før vektnedgang Mitt livsendrande møte med GMB Aktiv Helse Eg hadde lenge tenkt at det måtte skje litt endringar i livet med tanke…
Les meirKulekøyrar Georg Hernes
Kulekøyrar Georg Hernes Spørsmål til Georg frå GMB Aktiv Helse Korleis du kom i kontakt med meg som fysio? Eg kom i kontakt med deg som fysio gjennom toppidrettslinja…
Les meirKickboxar Christine Hagatun
Kickboxar Christine Hagatun Christine Hagatun, 26 år frå Voss. Kickboxar på internasjonalt nivå for Fana Kickboxing-klubb. Mitt fyrste møte med Gunn Marit Bergstrøm var då eg var 19 år. Eg…
Les meir