Kulekøyrar Georg Hernes

Processed with VSCO with a5 preset

Spørsmål til Georg frå GMB Aktiv Helse

 

Korleis du kom i kontakt med meg som fysio?

Eg kom i kontakt med deg som fysio gjennom toppidrettslinja ved Voss gymnas, då eg hadde plager i ryggen.

Din erfaring med meg som fysio?

Mi erfaring med deg som fysio er bare bra. Eg har alltid kome til deg med plager eller problem som me alltid har fått orden på fort og riktig. Eg har alltid hatt full tiltro til deg som fysio og har blitt negativt påverka eller fått noen negative resultat av samarbeidet med deg. Derfor føler eg meg ”trygg” og sikker når eg kjem til deg, og me står på same linje og har eit gjensidig samarbeid.

Kvifor du har no valgt meg til å følge deg på vegen både som mental ”trener” og fysio på vegen til å vinne gull?

Det er fordi me begge var litt i startfasen av eit prosjekt. Du med bedrifta di og eg med mi proffsatsning. Der følte eg me at me kunne bruka og hjelpa kvarandre til å nå dit me vil begge to. Samtidig er det mykje av mine erfaringar med deg som fysio og all anna kunnskap du sitt inne på. Eg føler meg trygg og sikker på at alt me gjer hjelper meg i riktig retning, og då er eg fornøgd. Samtidig er det ein god kommunikasjon og ikkje minst gjensidig respekt, slik det verkar for meg. Du er ei viktig person i mi satsing 🙂

Georg Hernes, kulekøyrar

Processed with VSCO with hb1 preset