Individuell behandling

Du kan bestille individuell time for veiledning. Vår visjon er at me skal sjå og lytte til deg som individ og gje deg rettleiing for å oppnå dei måla du ynskjer som det heile mennesket du er. Me tilbyr også  Viking Coach konsultasjon som har fokus på sjølvutvikling. Her kan du jobba målretta for å  endra livsstil, betre sjølvtillit/sjølvkjensle og å stå tryggare i deg sjølv og dine valg.  Vår kunnskap er din tryggleik.

Ein til ein samtaler

Gunn Marit Bergstrøm er utdanna fysioterapeut, Deva yoga lærer og anatomy trains in motion instruktør. Dersom du treng veiledning, råd eller hjelp til stressmestring, livsmeistring eller råd om livstilsendring kan du ta kontakt .

Personleg trenar

Dersom du treng inspirasjon og motivasjon til å komme i gang, eller du treng nokon personleg til å fylgje deg opp grunna sjukdom/skade, eller du ynskjer å koma i betre form eller endre livstil kan du hjå oss få trene saman med fysioterapeut eller personleg trenar som har master utdanning i fysisk aktivitet og helse. Gunn Marit Bergstrøm er fysioterapeut og Beate O. Rekve er personleg trener med master utdanning.

Viking Coach

Dette er for deg som ynskjer hjelp til å gjere endringar i livet ditt! Har du mykje stress, ynskjer gjere livstilsendring, meistre kvardagen betre eller jobbe med å betre sjølvkjensle/sjølvtilitt kan du ta dette 6 veker eller 12 vekers programmet med støtte/hjelp av Gunn Marit. Du kan her få hjelp til å bevege deg vekk frå der du ikkje ynskjer å vere til der du ynskjer å vere i livet ditt. Gunn Marit har eit genuint ynskje om å løfte andre mennesker opp og fram slik at du kan få hjelp til å gjere dei livsendrande tiltaka som gjer at du kan bevege deg nærare dine mål og ambisjoner, eller rett og slett bli nøgd med å leve det livet du har.