Vektnedgang med Jan Ove Mjånes

Jan Ove M etter ansikt

Etter vektnedgang

Jan Ove M før ansikt

Før vektnedgang

Mitt livsendrande møte med GMB Aktiv Helse

Eg hadde lenge tenkt at det måtte skje litt endringar i livet med tanke på helse og form. Det har vorte nokre år utan trening og fokus på rett kosthald etter me fekk ungar, lat oss seie dei siste 15 åra. Det har vist seg att i vektauke og livsstilsplager, dårlig sjølvbilete og ei kjensle av å ikkje strekke til verken med eigne mål eller som førebilete for ungane. Då me kom over ei annonse på facebook var me ikkje sein om å melde oss på.

Me starta begge omtrent utan å ha trent skikkelig sidan gymtimane på gymnaset. Matchvekta mi var tresifra ved start og me var vel begge i generelt dårlig form.

Kurset innebar trening tysdag og torsdag i 9 veker, med vekt på variert trening. Her var jogging, styrketrening, aerobic, yoga og spinning inkludert, slik at me fekk kjenne på kva som fins der ute og slik at me kunne lære oss teknikk og korrekt trening for å unngå skadar. I tillegg var det ein del samtale, avspenning og motivasjonssamtalar i gruppe. Joggetur med intervalltrening med Myrna Dral fekk auga våre opp for jogging som treningsform og me fann fort gleda ved å ta oss ein treningstur. Her var det fokus på oppvarming, korrekt teknikk og tøying. Eit fyrverkeri av ei dame!

Det var tidligare berre damer som hadde delteke på tilsvarande kurs, og det var difor kjekt at me var der som par. For oss var dette heilt avgjerande for suksessen, då me kan støtte og oppmuntre kvarandre i tillegg til å kunne trene saman. Det er ikkje lett å endre livsstil som einaste i ein familie.

Dietten fungerte bra for Åslaug, medan eg ikkje tok del i denne på same måten. Eg nytta eit sunt og variert kosthald med redusert matmengd og kutta ut alt av sukker og usunne vaner som tid dømes Pepsi Max. All treninga fungerte svært bra for oss begge sjølv om det var nokre ting me aldri hadde prøvd oss på før. Eg var i god form og dreiv mykje med jogging og fotball i ungdommen og den treningsgleda kan eg framleis hugse. Men denne hadde eg ikkje no kjent på 15 år, men no kom ho attende og det gjekk lettare og lettare for kvar dag.
Frå å ikkje ha trent i det heile på mange år gjekk me over til to faste dagar i veka med styrt trening og eigentrening dei andre vekedagane. I tillegg passa me på å få oss ein langtur i helgane enten på fjellet eller til dømes ein 6 km joggetur i Bømoen.

Ernæringskurs med Silje Hauge var interessant og lærerikt og gav opplegget ei heilheit som var svært god.

Med ei så sprudlande og inspirerande dame som Gunn Marit Bergstrøm var det umogeleg i ikkje verte drege med og motivert. Alltid like positiv og humørfylt og klar til å gjera oss andre glad og sprek. Det er sjeldan å møte eit menneske som er så interessert i korleis me andre har det. Ho ville verkelig at me skulle lukkast og nå måla våre.

Etter 2,5 mnd med opplegget til Gunn Marit var status -10 kg på og ufattelege 15 cm reduksjon av livvidda. Energinivået er 100% betre og det er blitt slik at me framleis trenar i alle fall tre dagar i veka, helst meir. Følelsen av å være skrytestolt av seg sjølv fordi ein har teke ein lang joggetur i ausande regn er ein sjeldan god følelse.

Sjølv om eg har løfta, tøyd og sprunge alle stega sjølv hadde eg nok aldri klart dette utan opplegget til Gunn Marit. Også som einaste mannlege deltakar har eg hatt kjempegodt utbytte av både kurset og treninga og kan trygt anbefale andre menn å nytte GMB aktiv helse om dei ynskjer å få meir utav sin eigen kvardag.

Dette kjem eg til å halde fram med også i framtida. Takk for hjelpa og vennskapet!

Jan Ove Mjånes