Kickboxar Christine Hagatun

Portrett Christine Hagatun

Christine Hagatun, 26 år frå Voss. Kickboxar på internasjonalt nivå for Fana Kickboxing-klubb.

Mitt fyrste møte med Gunn Marit Bergstrøm var då eg var 19 år. Eg hadde hatt smerter i nedre korsrygg og på eit tidpunkt mista eg kjensla i beina mine. Eg ringde direkte til Gunn-Marit og fekk komma til umiddelbart. Me fekk ordna MR dagen etter og det skulle vise seg at eg hadde fått breibasert prolaps i L4 og L5. Allereie då var satsninga mi seriøs innad ITF-Taekwon-do og eg hadde landslagsuttak på planen, det hasta. Gunn-Marit og meg lagde ein plan. Ho fekk også kyndig hjelp av sine kollegaer slik at behandlinga skulle vere så god som overhovud mogeleg. Operasjon vart utelukka fort, då eg var innstillt på å gjere det som trongs for å komma meg til hektene. Lang historie kort, og mange timar i slyngene, intensiv muskelterapi med massage, nåler og gruppetimar
(slynger/styrke) med Gunn-Marit som instruktør, blei eg tatt ut på landslaget. Idag har eg ein rygg og ei kroppshalning som er 100% rehabilitert og har fått vore med på både EM og World-cupar i både ITF Taekwon-do og kickboxing utan problem!

Som toppidrettsutøvar vil ein stadig ha ulike utfordringar både i ledd og muskulatur, fyrst og fremst grunna belastningen det inneber. Det eg likar med Gunn Marit er først og fremst at ho tek meg seriøst og hoppar aldri til ein konklusjon før me har undersøkt HEILE kroppen.
Om det skulle visa seg at det kreves ekstern hjelp for å finna grunnen til problemet er ho kjapt ute med å få det på plass slik at me kan starta riktig behandling. Samtidig er ho ærlig på kva ho kan og ikkje.
Om det er områder ho tenkjer at andre har betre kompetanse på området enn ho sjølv innehar, er ho ærlig på dette og henviser meg til riktig tiltak/behandlar.

Over tiden har Gunn-Marit følgt meg tett. Ho er nøye oppdatert innmot og etter konkurransar, sender SMS og ringjer for å høyra om korleis kroppen har fungert og står klar når eg kjem heimatt. Eg blir prioritert sjølv på hennar fridagar slik at eg skal kunne prestere best mogeleg og me har vorte eit team. Som behandlar er ho grundig og gjer seg ikkje før eg står med den medaljen eg vil ha rundt halsen! Ho er verkeleg ei dama med mykje kunnskap og ei eg vil anbefala til alle og ein kvar.

Avslutningsvis vil eg sei at eg er stolt over å ha GMB Aktiv Helse ved min side fram mot min drøm om å verta Verdsmeister!

Mvh Christine Hagatun

Kickboxing NM Christine Hagatun