🌞 GLAD KROPP 2027: Retreat – Bygg deg sterk innafrå og ut
Glad kropp er eit konsept Gunn Marit har utvikla gjennom meir enn 15 år, med røter i fysioterapi, fasciekunnskap og ekte bevegelsesglede. Denne retreatveka er open for både kvinner og menn som ønskjer å byggje ein kropp som spelar på lag – sterk, smidig og full av livskraft.
Gjennom trygge og varierte økter får du oppleve korleis kroppen kan bli både sterkare, friare og lettare, utan press eller prestasjon. Målet er ikkje å prestere meir, men å finne tilbake til kroppen si naturlege styrke, rørsleglede og energi.
Slik ser ein dag ut
Kvar morgon startar me dagen med mjuke rørsler og roleg pust. Litt etter litt blir pusten djupare, kroppen vaknar, ledda blir smidigare og du kjenner meir energi og nærvær.
Etter morgonøkta samlast me til ein deilig, næringsrik frukost – eit roleg augneblink der me kan nyte god mat, gode samtalar og den heilt spesielle stemninga på Villa Dorothea.
Resten av dagen vekslar mellom trening, naturopplevingar, kvile og fellesskap. Her er det tid til både aktivitet og ro. Du bestemmer sjølv tempoet, og me legg til rette for at alle skal oppleve meistring – uansett utgangspunkt.
Innhald i veka
- Daglege morgonøkter med mjuke rørsler og pust
- Bindevevstrening (Fascia Movement)
- Funksjonell styrketrening
- Kjernemuskulatur, pust og haldning
- Kondisjonstrening med flyt og glede
- Vandring langs Middelhavet
- Tur til den vakre fjellandsbyen Orxeta
- Avspenning og restitusjon
- Tid ved bassenget eller på stranda
- Fellesskap, latter og gode samtalar
Å byggje seg sterk innafrå og ut handlar ikkje om å presse kroppen. Det handlar om å lytte, bevege seg med glede og gi kroppen dei rette føresetnadene for å fungere slik han er skapt til.
Om Gunn Marit
Gunn Marit Bergstrøm er fysioterapeut og har arbeidd med menneske og bevegelse sidan år 2000.
Gjennom over 25 år som treningsinstruktør og kursleiar har ho hjelpt tusenvis av menneske til å finne meir glede med bevegelse.
Ho kombinerer fysioterapi med kunnskap om fascie, pust, kjernemuskulatur, funksjonell styrketrening, yoga og nervesystemet. Med varme, humor og ekte nærvær skaper ho eit trygt rom der kvar deltakar kan utvikle seg i sitt eige tempo.
Målet hennar er enkelt: å hjelpe menneske til å byggje ein kropp som spelar på lag – frå innsida og ut.
Villa Dorothea
Villa Dorothea ligg i den vesle fjellandsbyen Orxeta, berre 15 minutt frå Villajoyosa og Middelhavet.
Her finn du stillheit, sol, basseng, yogasal og nydeleg vegetarisk mat laga frå botnen med omtanke og kjærleik. Kvart måltid er ei sanseoppleving – nærande, fargerikt og fullt av smak.
Dette er ein stad der du kan senke skuldrene, sove godt, finne ro og hente ny energi.
Pris
17.500 kr i dobbelrom
20.000 kr i enkeltrom
Depositum: 3 500 kr
Depositumet er bindande og blir ikkje refundert ved avbestilling. Restbeløpet skal vere innbetalt seinast 1. august 2027.
Prisen inkluderer
- 7 netter på Villa Dorothea
- Overnatting i enkelt- eller dobbelrom
- Frukost, lunsj og middag kvar dag
- Alle treningsøkter og aktivitetar i programmet
- Dagleg rettleiing og oppfølging av Gunn Marit
- Turar og naturopplevingar
- Tilgang til basseng, yogasal og alle fellesområde
Prisen inkluderer ikkje flyreise, transport til og frå Villa Dorothea, reiseforsikring, eventuelle aktivitetar utanom programmet.
Avbestilling
Avbestilling må skje seinast 6 veker før oppstart.
Ved seinare avbestilling må heile summen betalast.
(Sjukdom dekkast av eigen reiseforsikring.)
Velkomen til ei veke der kroppen får puste, bevege seg og byggje styrke i sitt eige tempo. Ei veke med varme, natur, fellesskap og bevegelsesglede – der du får oppleve korleis det kjennest når kropp og sinn igjen byrjar å spele på lag.
Meld deg på her:
Anbefaling om retreat på Villa Dorothea
Retreat anbefaling frå Anita Staurland som var med til Villa Dorothea i 2024
📅 16. oktober – 23. oktober 2027 (veke 42)
📍 Villa Dorothea, Orxeta, Spain
✈️ Fly til Alicante (eigen taxi frå flyplassen, betales sjølv)
Pris:
kr 17.500,- for dobbelt rom
kr 20.000,- for enkelt rom
🦋 Begrensa antal plassar – totalt 16 deltakarar.
Små grupper gjer at alle får tett oppfølging, tryggleik og rom for eigentid, kvile og djup prosess.
