Å gjera seg sjølv og andre gode

Nyttårstalen til kongen sette mennesket i fokus. – Mennesket er vår viktigaste ressurs, og me skal ha
nulltoleranse for mobbing, sa han. Dette kan høyrast naivt ut, synest mange, for mobbing har alltid funne stad og vil aldri forsvinna, er argument eg har høyrt. Men er ikkje det ei enkel, lettvint og negativ haldning? Skal me akseptera at det i det heile skal finna stad? Kva gjer
du om du ser nokon som ikkje blir behandla fint, stadig blir hakka på, utestengt eller gjer noko fysisk eller psykisk mot nokon annan? Seier du frå eller snur du deg vekk og let som du ikkje ser?

Les meir