Hausten 2023 nærmar seg og me gler oss til å opne dørene for dykk i nyoppusa lokaler

Det er med sann glede me no kan ynskjer dykk velkomne til trening hjå GMB aktiv helse AS.

Nytt av hausten er at me endrar GMB aktiv helse frå Glade Mennesker Blømer til Glede Med Bevegelse.
Som de veit elskar me å skape bevegelsesglede saman med dykk og sjå at de meistrar å bruke kroppen dykkar på dykkar premissar.

Hjå oss skal de vere lav terskel for å trene saman og me ynskjer skapa eit trygt og ivaretakande miljø for alle.

Difor tilbyr me no grupper til ulike nivå og målsettingar. Nytt frå hausten er at det kvar mandags morgon kan delta på morgon strekk med Gunn Marit via nettbasert trening. Påmelding og betalingslink vert lagt ut her på nettsida og på facebook sida. Frå 08.30-09.10 vert det deilige strekk øvingar kombinert med pust og frå 09.10-09.30 vert det ein avspenningsdel som vil roe nervesystemet slik at du kan møte dagen med lave skuldre og djupe pust.

Onsdagar byrjar Beate med morgon kick 08.30-09.15. Dette er ein 45 timars økt der du får opp puls og får trent styrke gjennom heile kroppen.Dette er i Voss idrettshall med moglegheit for å delta på nett dersom du ikkje bur på Voss.

Me er so heldige og fått med oss fysioterapeut Gro Helen Samland som vil ha basseng trening på Hagahaugen tysdager frå kl 18-19.00. Ho har lang erfaring med rehablitering. Ho jobbar no på rehabiliteringa på Haugahaugen og har god og lang erfaring med basseng trening. I vatn trener me med mindre vektbelastning. Dette gjer spesielt godt for dei som slit med leddsmerter, leddgikt, artrose og dei som slit med overvekt og ynskjer trene med mindre vektbelastning på ledda.

Me vil også i haust fortsette med Aktivitet og felleskap på Voss sjukeheim og Vetleflaten. Dette er eit prøveprosjekt me starta i hvår og som me får fortsette med i haust.

Gunn Marit vil i i fyrste omgang ikkje utøve individuell fysioterapi behandling i haust utanom avtale med idrettskadesenteret. Ho vil ha fokus på gruppetreningar, kurs og workshops.
I veke 44 gjentar me suksee`n frå i fjor med retait til Villa Dorothea i Spania. Sjå meir info på nettsida om du er interessert. Me har fortsatt nokre plasser ledig.

Me gleder oss til å koma igang og håpar at DU vil finna noko av interesse som høver dine behov.

Sjå timeplanen og ta kontakt for evt spørsmål.

Mvh Beate, Gro Helen og Gunn Marit