Å få vere den ein er skapt til å vere <3

Du vakre menneske, som kom til verda med dine gåver og ressurser men og dine utfordingar.

Som liten var du kanskje sjenert, forsiktig og tilbakeholden?                                                       

Kanskje du trengte tid på å bli trygg på dine omgivnader?                                                      

Kanskje du var den som observerte situasjonen før du kasta deg inn i leiken eller samtalen? Eller kanskje du var meir frigjort og kasta deg inn i leiken og møtte alle situasjoner med eit «eg er med «?              Etter kvart som åra går vert du litt etter litt putta inn i dei ulike boksane som omgivelsane og samfunnet har laga.                                                                                                                              «Vær open,  vær snill, sitt i ro, vær utadvent, ikkje gjer noko som dei andre ikkje likar, ikkje vær for fri, ikkje vær for lukka, ikkje vær for stille, ikkje vær for masete ….og slik blir me definert utifrå noko som kanskje ikkje gjer gjenglang i den me eigentleg er.

Sakte men sikkert dimmer det vakre mennesket- DEG – lyset ditt. I frykt for å vere feil, i frykt for å bli utstøtt, i frykt for å ikkje strekke til, ikkje vere snill nok, flink nok, ikkje akseptert, ikkje morsom nok, ikkje interessan nok , å ikkje bli likt for den du er , å ikkje tilhøyre flokken …

(Me er jo eit flokkdyr som frå steinalderen av var avhenging av flokken. I dyreverden vert dyr som vert utesteng av flokken overlatt til seg sjølv og vil etterkvart døy).

Etter kvart er den flokken du tilhøyrer  ein kopi av kvarandre. Alle ser like ut, alle har samme meiningar, alle oppfører seg likt, alle vil passe inn og ein streber kanskje etter noko  ein ikkje veit kva er ?  Ein kjenner kanskje på ein nagande uro, eller kjensle av misnøye utan å forstå kvifor?

Ein spring til og frå sin 8-4 jobb som krever ekstra innsats og kanskje overtid og tida til det ein likar og gjer ein livsglede vert mindre og mindre prioritert og ein mister meir og meir overskudd, livskraft og meining.

Kanskje ein eigentleg ikkje har lyst på ein 8-4 jobb, eller ein kjenner at ein ikkje trives i det harde  konkurrerande miljøet som sier meir, fortare, betre eller i miljøet der fasade med fokus på materielle ting er viktigare enn å vise kven du virkelig er?                                            

Kva om ein har lyst å vere meir tilstades med sine nære og kjære, jobbe mindre , leve meir i takt med si indre klokke . Kva verdi har ein då?

Kva verdi har ein om ein velger å vere heimeverande for å vere meir tilstades med sine born? Kva verdi har ein om ein ikkje orker å jage lenger etter den høglønna jobben, draumebilen eller det perfekte huset? Kva om ein ikkje er skapt for å bruke spisse albogar for å koma seg fram , eller ikkje skapt for å snakke høgt og tydeleg om kva ein meinar?  Kva om store folkemengder gjer deg stressa, urolig og utmatta?

Kva verdi har ein om ein meinar noko anna enn det som flokken har bestemt er politisk korrekt å meine? Kva verdi har ein om ein velger å gå mot straumen? Å velge annleis enn det som er «normalt»? Kven har bestemt kva som er normalt?                                                                                                                                    «Vil eg bli utstøtt ? Latterligjort? Hetsa? Eller vil eg bli  akseptert, prøvd forstått og heia på?»

 Eg tenker at me sitt alle på våre eigne store skattekiste i vårt indre med utrulig manger ressursar som me kanskje ikkje veit om. Enten veit me ikkje om det fordi me aldri har utfordra oss ut av den konforme sonen som me kjenner og er trygg på, eller me har ikkje våga å  grave litt djupare ned i kista, me tek berre opp det som ligg øverst og som alltid vert brukt av eigenskaper og kunnskap. (Alle kjenner vel til kleda som ligg fremst i kleskapet og som vert brukt oftast?). Vågar me å dykke litt lenger ned i skattekista kan det som ein ser på som ein følsomhet/sårbarhet vere det som gjer at akkurat du er deg, og som er ditt gull.  All motstand me møter  er eigentleg «gåver» om me vågar å sjå på et som ei gåve . Det å bli betre kjent med oss sjølve og kvifor me reagerer so  me gjer kan skape ny innsikt og forståelse. Kanskje har ein opplevd noko som var vondt og vankeleg i barndommen som ein har fortrengt, og når nye likane epioder dukkar opp seinare forstår ein ikkje kvifor ein reagerer so voldsomt, eller blir såra og lei seg. Istaden for å anerkjenne følelsen lukka rein seg kanskje nno meir, eller skammar seg og driv med negativt sjølvsnakk?   

 Ved å auka vår bevissthet rundt eigne tankar og følelsar og kvifor me reagerer som me gjer  med eigenomsorg, aksept og respekt kan ein sakte men sikkert våge seg meir og meir ut av den konformiteten ein har skapt rundt seg. Når ein møter seg sjølv med omsorg, respekt og aksept vil ein møte andre med større omsorg, respekt og aksept.  På denne måten kan ein romme kvarandre meir og våge å vere meir heile seg med både sterke kvalitetar og mindre sterke kvalitetar men som ein kan styrke når ein er bevist dei .  Kanskje dukkar det opp sider ved sjølv du ikkje viste om , som kan skape ny livsgnist og gje deg auka livskraft og glede .

Tenk å gå gjennom livet og gå glipp av ein slik sjanse?

Ja, klart det er «skummelt» og utfordrande. På vegen til å  våge å vere heile deg kan du møte du på både frykt, motstand, skam , sorg , tristhet  men bakenfor der igjen vil du ny inspirasjon, livsglede, livskaft, mot og trygghet .

So kjære vakre menneske – våg å vere den du er skapt til å vere . Verda treng akkurat deg med dine kvaliteter. Våg å skin lyset ditt -so kan andre få lov å skinne sitt .

Treng du hjelp til å rydde i skattekista di og pusse støv av skattane dine, hjelpe deg og sjå kva verdi det har vil eg veldig gjerne vere ein medvandrar som lyttar, stiller spørsmål og  heiar på deg på vegen.

Mvh Gunn Marit