Archive for desember 2016
Å jol med di glede …!
Det er fantastisk med adventstid og førjolstid
– iallfall hugsar eg som
lita jente at dette var mykje kos.
Stearinlys, jolemusikk, baking
og joleførebuingar. Gleda og forventningane om kva som kom til
å liggja under joletreet låg som
ein gledesklump i magen. Ynskjelista var lang og det var alltid
med håp at det som stod øvst på
lista låg under treet. Eg minnast
mor og bestemor baka og tralla
på kjøkkenet og det var alltid
glede og godstemning.