Villa Dorothea Retrait 11-18.10-2025.

Villa Dorothea retreat

GLEDE MED BEVEGELSE

11-18 oktober 2025 får du anledning å reise på tur med GMB Aktiv Helse AS til Villa Dorothea i Spania. Gunn Marit er utdanna fysioterapeut og har lang erfaring innan trening både rehabilitering og forebyggjande /helsefremmjande trening. Ho brenner for at folk skal bli glad i den kroppen ein har og bygge seg sterk innanfrå og ut. Gunn Marit har eit varmt blikk for den einskilde og får kvar og ein til å føle seg sett og inkludert. Med sin lange kompetanse med trening, tilpasning og menneskelege forståing både anatomisk, fysiologisk og psykologisk kan du føle deg trygg når du trener saman med ho.  Ho har ei evne til å sjå den enkelte og tilpassa til den enkeltes behov ,sjølv om ein trener saman i gruppe. Beate har mastergrad i fysisk aktivitet og helse og har lang erfaring innan gruppetrening både friske og folk med nedsatt funksjonsevne. Beate møter alle med eit stort smil og har ei eige evne til å få folk til å gje det lille ekstra under trening samtidig som dei føler seg ivaretakne.

Aktiviteter:

Denne veka med Glede med Bevegelse vil bli prega av ulike aktiviterer som GMB Aktiv Helse AS tilbyr i sin kvardag gjennom sitt virke på Voss.

Kvar morgon vil du få starte med morgon strekk med Gunn Marit /Beate  der me vekker liv i kroppen gjennom pust og mjuke bevegelsar. Etter ein liten pause etter frukost vil det bli lagt ulike økter som kondisjon,styrke/stabilitetstrening  eller basseng trening.

Det vil verte ein vandringtur til Orxeta ca 7 km. Her vil det bli fokus på kraftgange og kjernemuskulatur itillegg til kondisjon.Det vil også bli ei kondisjonsøkt på morgonen på stranda i Villa joyosa med mulighet  for bad i middelhavet etterpå. Dei som ynskjer ein strandag kan vere her resten av dagen eller ein reiser opp igjen til Lunsj på Villa Dortohea.

Fokus iløpet av veka er å gjennomføre økter som ivaretar din kropp på ein god måte gjennom ulike treningsmetoder. Du vil få innføring i god teknikk under gjennomføring.

Det vil bli lagt opp til både  litt krevande økter og rolige økter, men alle tilpasser øktene til sin form og sin dagsform. Stikkord er type trening er styrke, stabilitet/balanse/kondisjon, fleksibilitet, pust, kjernemuskulatur og frihet i eigen kropp.

Målet for veka:

Målet for veka er å ha det kjekt saman, kjenne meistring og trene i eit positivt og trygt felleskap der ein kan både utfordre seg sjølv og lære noko nytt med seg sjølv. Det vil bli understreka og holdt fokus på at alle skal trene ut i frå sine presmisser og sin kropp og dette kan variere med dagsform. Det kan også bli ei form for mental trening der ein kanskje møter seg sjølv på nye måtar når ein er sliten i kropp og sinn og ein må vurdere om ein må stå over ei økt eller om det er bra og presse seg. Dermed må ein også lære seg grensesetting. Skal eg presse eller skal eg kvile/restituere?. Dette og mykje anna vil vere tema under veka.

Hovedmålet til Gunn Marit og Beate er at du skal gjennom veka kjenne Glede Med Bevegelse gjennom ulike vairanter av treningar. Noko vil du syns er lett og kjekt, andre ting kan vere tungt, vanskeleg og utfordrande men når du opplever meistring vil du ha lært noko nytt om både deg sjølv og kroppen din.

Me veit at kroppen er organisk og ingen veit korleis kroppen reagerer på dei ulike aktivitetane før etterpå og undervegs i veka. Itillegg får du sunn og næringsrik mat og lite tilgang på sukker som også kan gje ein reaksjon i deg både med auka energi men også noko uro. Dette er heilt normalt og dette vil Gunn Marit og Beate vere behjelpleige med å  tilpasse for deg under veka. Du skal både føle deg trygg og ivaretatt på prossesen undervegs. Du kana feks bytte ut ei kondisjonsøkt på land med ei kondisjonsøkt i vatn.

Målet er at du reiser heim fylt med masse gledehormoner, ny energi og motivasjon til å fortsette hausten med gode vaner og øvingar som styrker deg, nærer deg og gjer deg godt slik at du tar vare på deg sjølv og helsa di på ein god måte.

Maten på Villa Dorothea:

Maten på Villa Dorothea er ei oppleving i seg sjølv. Det vert laga  mat frå botnen av og kokken tryller fram dei mest fantastiske smakfulle retter. Det er frukost/lunsj og middag inkludert i pris. Maten på Villa Dorothea er vegetarisk. Det er tilgang til reint vatn og frukt gjennom dagen. I tillegg har du tilgang til basseng og solsenger  inne på eige området.

Du kan evt gå til den lille landbyen Orxeta der dei har ein liten landhandel eller du tek taxi i ca 15 min ned til Villa Joyza  der dei har cafeer, resturanter og butikker.Dette koster per i dag ca 20 euro per veg.

Dersom du vil ta ein tur til den nydelege gamlebyen i Altea et det opning for å gjere dette ein ettermiddag på eige initiativ når dette høver med timeplan.

Pris for overnatting med 3 måltider per dag, treningar/workshop, vatn/frukt,  transport til/frå stranda på morgonmeditasjonen, vatn og frukt kjem på 14.500 for dobbeltrom og 15.650 kr enkelt rom (9 stk enkelt rom og 4 stk dobbeltrom) . Du betaler  inn 3500 kroner i depositum. Denne vert ikkje refundert ved evt avbestilling.

Fly t/r og taxi t/r er ikkje inkludert i pris og dette må bestillast sjølv. Det samme gjeld gongbad  og massasje av massør som du kan bestille hjå under oppholdet.

PS. Anbefaller at du sjekker at du har reiseforsikring i orden dersom det oppstår sjukdom.

Det er anbefalt at du konferer med lege om du kan vere med på turen dersom du har utfordrande helseproblemer. Denne turen er lagt opp til øvingar både i ståande/liggande/kneståande og sittande posisjonar itillegg til vandringer på 5-8 km i moderat tempo.

Håpar DU er ein av dei som vil og har helse til å vere med😊

Mvh Beate og Gunn Marit.

Har du spørsmål om opplegget?

Send mail til Gunn Marit😊

Hei

En liten anbefaling fra meg:) 

Jeg vil virkelig anbefale denne turen. Gunn Marit har en fantastisk god formidlingsevne og kunnskaper om kropp og sinn. Hun la timene opp slik at alle kunne være med fra sitt ståsted. Hun vet hva hun snakker om og hadde og et vinnende og sprudlendes vesen. Hun la dagene opp slik at en følte seg trygg og ivaretatt.  🙂 

Vi var og på flere turer som var helt nydelige, hvor det var lagt inn stillestunder noe som var viktig og godt. Når vi er 19 damer på tur så er det godt med litt stillestund. 

Bading i Middelhavet var og helt nydelig. Sjelden fin og ren sjø, noe som gjorde at flere av oss brukte mye tid i havet😉 

Selve Dorothea er nydelig og en magisk plass. Måltidene var og helt fantastiske. Det stod det var vegetarisk men det ble servert fisk noen ganger. Jeg er selv veggis så jeg elsker dette konseptet med ren plantebasert for dyrene og  miljøet. Det bugnet av frukt og grønnsaker i alle varianter og likte godt at det ikke ble laget overflod av mat, men passelig. Eier av stedet var og med på å laget turen til en fin opplevelse. 

Når jeg kom hjem så kjente jeg god forandring i kropp og sinn. Kjente at kroppen var mye mer på plass og fikk kontakt med kjerne musklaturen, noe som jeg ikke helt har kjent så mye etter før. Var og mykere i musklatur og klarte mer å roe ned sinnet etter vi hadde mye fokus på dette på turen. Så prøver å ta med dette videre i en hektisk hverdag hjemme i Norge. 

Så tusen takk for en veldig bra uke og anbefales veldig 🙂 

Mvh Anita – deltager frå retraitet 2024