Takk for alt 2024 – Velkomen 2025 :-)

2024 er snart over og me kan ynskje eit nytt år velkomen<3
Eg har alltid likt nyttår og blanke ark. Eg har likt å sette meg ned og evaluert og kjent etter kva nye mål skal vere for det nye året. Kva har vore bra og kva kan gjerast betre? Kva bør eg endra på og kva har eg lyst til framover?
Etter 4 år no med svært mykje endring som har vore veldig mykje ytre påvirka men som i høgste grad har påvirka med på det indre plan er kursendring heilt naturleg og nødvendig. Denne prosessen har vore i gang ei stund men står heilt klart for meg no når 2024 står ved sin endestasjon.
2024 er over og det er mykje å feire og vere stolt av og ikkje minst ta lærdom av:)
For meg har 2024 innvolvert endringar både rundt meg og i meg sjølv.
- Eg har gått over frå 40 åra til å koma i 50 åra
- Eg har sagt opp behandlingsrommet mitt i Voss idrettshall.
- Eg har ein pause frå å drive behandling som klassisk-fysioterapeut
- Eg ynskjer å fokusere meir på forebyggande og helsefremmande arbeid.
- Eg har bestemt meg for å ta ein pause frå sosiale medier frå 1.1.2025
- Eg har jobba med å sette klarare grenser mellom meg og mitt og det som er alle andre sitt.
- Eg ynskjer å leve meir organisk og ta tida meir tilbake slik at eg kan ivareta meg sjølv og mi eige helse på ein god måte utan for mykje tidspress og jag og vere enno meir tilstades i nuet og det eg gjer på her og no.
- Ved å fokusere meir på eit sunt levesett og bruke tida på det som er sunt og helsefremmande for meg vil eg også bidra til å leve det livet som er rett for meg, eg vil forhåpentlegvis få meir energi til det som betyr mest for meg og vere meir tilstades i livet. Dette vil også regenere positiv energi til dei rundt meg.
- Eg er igang med hormonterapi for overgangssalder. Etter å kjent på kraftig hjartebank,hjernetåke, hukommelsevansker, utmattelse og ingen energi ( eg kalla meg sjølv energetisk død) i 2023 og delvis 20024 er det med svært stor takknemlighet og stolthet eg er på veg til å reise meg igjen. Men eg verken kan eller vil gå tilbake til «tida før». Den fasen er forbi då eg er i ein ny fase i livet mitt. Det er ikkje utan grunn av det vert kalla «overgangsalder».
- Med overgang ynskjer eg å møte meg sjølv og endringane i kroppen min med tilstedeverelse og undrande oppmerksomhet. Å lytte til eigen kropp, prøve å forstå kva den forteller meg og derettet prøve å møte «det nye» med undring og respekt. Behova endrer seg og eg merkar at for mykje stress, for mykje støy og for lite søvn tar energi og det tek lengre tid å hente seg inn igjen.
- Å starte på hormonterapi satt langt inne då eg er genetisk disponert for blodpropp . Men etter å lest meg opp på faglitteratur og tatt kontakt med ei som er spesialist på området vart eg overbevist om at mine plager var so store at det tok meir livet frå meg enn det gav meg. Itillegg har nyare forskning vist at ved rett intervenering til rett tidspunkt kan hormonterapi forebygge demens og hjarte/karsjukdom. Å ha kjent på både kraftig hjartebank og hjernetåke veit eg kor skremmande dei symptoma er og kan ein gjere noko for å forebygge er det det aller beste. Kvinnehelse perspektivet har fått ein ny representant:)
- Frå januar vert det også ny epoke for meg og min mann då dottera vår flyr ut av reiret og fyrste stopp er militæret, medan sonen vår fortsetter med sin utdanning i Bergen. Å bli oss to igjen vil gje oss nye innsikter og muligheter å vere tosomme igjen, men og gje oss frihet på kvar vår kant.
- I 2024 har eg også fått gleda av å ha treningsgrupper i Hardanger, både i samarbeid med idrettslaget, helselaget, og i privat regi. Hjarterommet mitt i Grimo vart klart i haust og eg har hatt den gleda å hatt fysiosling grupper der. Å få tilbakemelding får deltakere om at smerter er borte og innsikt om at dei ikkje berre har ein kropp men at dei ER ein kropp gjer meg glad.
- Det holistiske menneskesynet likar eg, og at me er menneske som treng påfyll både fysisk, mentalt, emosjonelt og spirituelt vert eg meir og meir klar over. Difor har det vore svært givande å ha pust og lyd samarbeid med Berit Opheim der deltakerne fekk oppleve både rolige mjuke bevegelsar kombinert med pust saman med meg og deretter sette lyd på stemma si saman med Berit. 3 fulle hus fekk me på desse arrangemanga på Voss og i Hardanger. At pust og stemmebruk heng mykje saman med resten av oss er ingen tvil. Når me er engstelige og redde knyter me oss og stemma blir svak og «pipete». Medan når me står stødig og trygge i oss sjølve, kjenner oss frie og tilfredse er stemma heilt annleis. Det er og noko å tenke på at ofte held me stemma vår tilbake i frykt for å ta for stor plass, være for synlege eller unngå å snakke vår sannhet. Dette får konsekvensar for kroppen og spenningsmønsteret vårt.
- Hjartepust er eit arrangemang eg har hatt siste 5 åra. før jul . Der møtes me til rolige bevegelsar, djupe pust og ein atmosfære som gjer ein rom til å gje slepp og berre være i øyeblikket. Å unne seg ein timeout frå alt som foregår i livet er nærande. Å kvile er underkjent.
- Gjennom året har eg også hatt gleda av å vere saman med beburane på Vetleflaten og Sjukeheimen ein gong i veka. Glede med bevegelse, song og gode samtaler vert me aldri for gamle for. Det å sjå glimtet i auga når dei meistrar ein øvelse eller kjenner glede ved å bevege seg og at kroppen vert mindre stiv og støl etterpå er helsefremming på høgt plan og burde vore veldig mykje meir fokus på fått ein mykje større prioritet. Dei ansatte merka endring både under timen men også at beburane var gladare og meir tilfredse etterpå. At dette gav meining både for dei og meg er ingen tvil<3
No er 2025 nettopp byra og prosjekt «logg av sosiale medier» er byrja. Fyrste dag kjennes det veldig bra. Eg har kosa meg med god frukost, starta med å rydde vekk julepynten, skreve nyhetsbrev og no ein loggpost til deg:-) Eg har gitt deg litt innsyn til mitt liv og mine valg og kanskje det kan motivere deg til å ta ein kikk på ditt liv og dine valg. Kva gjer du, kvifor og kva får du ut av det? Det er ikkje alt me har styring på opg kontroll over , men å ta tak i det du har råderett over er lurt slik at du kan ta steg for steg kan ta dei valga som passar deg og ditt liv i den fasen du er no.
Eg ynskjer deg deg ein framifrå god dag og håpar du har fått ein god start på 2025 <3
Beste helsing Gunn Marit.