Ta kroppen tilbake – Finn fridomen gjennom bevegelse, pust og natur❤️

Då vi kom til verda, var vi frie i kroppen. Vi pustar utan motstand, rullar, strekkjer oss, gurglar, sparkar og vrir oss med ei naturleg flyt. Vi dansar med livet utan å tenkje på korleis vi ser ut eller om vi gjer det “riktig”. Kroppen vår visste kva den skulle gjere.

Vi var som naturen – frie som fuglen, opne som blomen mot lyset, rotfesta som treet i jorda. Vi strekte oss som katten om morgonen, rulla som bølgene mot land, sprang som vinden over marka. Vi var i flyt, i balanse, i samspel med oss sjølve og omgivnadene.

Men ein stad på vegen byrjar vi å tilpasse oss. Vi tek inn blikk, kommentarar, forventningar. Vi lærer at nokre rørsler er “for mykje,” at vi må sitte stille, halde oss tilbake, ikkje ta for mykje plass. Vi byrjar å dempe spontaniteten vår for å passe inn.

Vi går frå det frie, flytande til det kontrollerte og innstramma. Vi mister balansen mellom dei mjuke, mottakande, feminine kvalitetane og dei strukturerte, drivande, maskuline kvalitetane i oss. Over tid fører dette til spenningar i kroppen, uro i nervesystemet og ei kjensle av å ikkje vere heilt tilstades i oss sjølve.

Finn balansen – rot, styrke og flyt

Alle menneske har både maskuline og feminine sider i seg. Den maskuline energien er styrke, retning, drivkraft – som treet sin stamme, stødig og solid. Den feminine energien er flyt, mottaking, mjukheit – som greinene som svajar med vinden, føyelege, men ikkje svake.

Når vi er i balanse, beveger vi oss fritt mellom desse kvalitetane. Vi kan stå stødig, men også sleppe taket. Vi kan handle med kraft, men også lytte til kroppen si visdom. Vi kan kjenne styrke utan å stivne, og vi kan vere mjuke utan å kollapse.

Men mange av oss har mist denne balansen. Kanskje har vi lært at vi må vere sterke heile tida, at vi må presse på, aldri stoppe, aldri vise sårbarheit. Eller kanskje har vi lært at vi skal vere tilpassande, stille, ikkje ta for mykje plass.

Over tid fører dette til ubalanse i kroppen. For mykje kontroll kan gi spenningar, smerter, utmatting. For mykje passivitet kan gi stagnasjon, energitap, frustrasjon. Denne ubalansen påverkar både muskel/skjelett, nervesystem og vår psykosomatikk, og kan føre til både fysiske og emosjonelle utfordringar.

Kroppen hugsar – men den kan sleppe taket

Kroppen din ber historia di, ho lagrar alle erfaringane du har vore gjennom. Traume, stress, frykt og gamle mønster set seg i musklar, bindevev/ fascia. Dette kan føre til fysiske plager som spenningar og smerter, men også til blokkeringar i kroppens energisystem.

Men kroppen kan også forløyse spenningar. Når vi gjer oss sjølve lov til å bevege oss som naturen – bøye oss som graset i vinden, strekke oss som kattungen i sola, kjenne føtene våre møte jorda som treet sine røter – då byrjar vi å vekkje noko djupt inne i oss.

Bevegelse, pust og øving på nærvær til eigen kropp og psyke kan forløyse djupe spenningar og traumer som vi kanskje ikkje var klar over. Ved å lytte til kroppen og gi ho den næringa ho treng, kan vi få tilbake fridom i kroppen og styrkje vårt indre balansepunkt. Det kan og vere nødvendig å sette ord på det ein har bært på for å forløyse det som har vore usagt/gøymt og prøvd gløymt. Når ein skal dele noko som er sårbart og vondt er det viktig med tillit. Det er like viktig at du lyttar til det kroppen din fortel og tek den på alvor, som at du skal opne deg for nokon “der ute” Å dele sårbarhet krever mot og det er viktig at den ein deler sin sårbarhet med er trygg nok til å ta imot. Dersom du ikkje har tillit vil du heller ikkje føle deg trygg, noko som igjen vil skape stress og spenningar i kroppen.

Din kropp er fantastisk – og du er skapt for å vere deg

Kroppen din er ikkje feil. Den er ikkje svak. Kroppen er ikkje noko du må kjempe mot eller tvinge inn i eit anna mønster.

Kroppen din er fantastisk. Den ber deg gjennom livet, den tilpassar seg, og er alltid der for deg – sjølv når du ikkje lyttar.

Og det viktigaste? Du er skapt for å vere deg. Ingen andre har din kropp, din måte å bevege deg på, din unike livsrytme. Når du møter kroppen din med kjærleik og respekt, byrjar noko å endre seg.

Glede med bevegelse – finn fridomen

Bevegelse skal ikkje vere noko du , men noko du lengtar etter. Når vi finn bevegelsane som kjennest gode for oss, opplever vi meistring, fridom og glede. Dette kan vere alt frå rolege, meditative bevegelsar som hjelper oss å kjenne kroppen på eit djupare plan, til raskare aktivitet. Begge aktiverer kroppens nervesystem og hormonsystem på ulike måtar. Å finne balanse er det det som bygger oss best.

Når vi beveger oss med kjærleik til kroppen, får vi ikkje berre styrke – vi byggjer ein indre tryggleik, ei kjensle av å vere heime i oss sjølve.

Kva treng du akkurat no?

Kanskje lengtar kroppen din etter meir pust, meir bevegelse, meir kvile eller meir nærvær. Kanskje treng du å finne meir styrke og retning, eller kanskje du treng å sleppe meir taket.

Akkurat no kan du ta eit lite steg:

  • Ta eit djupt pust. Kjenn korleis lufta rører seg i kroppen din.
  • Strekk armane over hovudet og rull på skuldrene – korleis kjennest det?
  • Legg merke til korleis du sit eller står – kan du gi kroppen meir rom?

Kroppen din er ikkje din fiende. Den er di største kraft. Jo meir du lyttar til henne, jo friere kan du leve.

Er du klar for å ta kroppen tilbake?
Hos GMB Aktiv Helse hjelper vi deg å finne glede med bevegelse, sleppe spenningar og komme nærare deg sjølv gjennom pust, bevegelse og samtale. Ta kontakt om du vil utforske kva dette kan bety for deg!

Ta gjerne kontakt for spørsmål til gunnmarit@gmbaktivhelse.no