Korleis finne balansen i ein travel kvardag?
Ta kroppen din tilbake!
Kroppen vår er ein kjemisk fabrikk som kontinuerleg produserer stoff som påverkar humør, energi og helse. Vi kan sjølve påverke denne prosessen ved å forstå samanhengen mellom pust, bevegelse, tarmhelse og nervesystemet. I dette foredraget får du innsikt i korleis du kan bruke kroppen sitt eige system til å skape energi, balanse og robust helse – heilt naturleg!
Nervesystemet: Fight, Flight eller Freeze – kva skjer i kroppen din?
Når vi opplever stress eller utfordringar, reagerer kroppen automatisk med fight, flight eller freeze. Dette skjer via det autonome nervesystemet, som styrer funksjonar vi ikkje treng å tenke på, som pust, puls og fordøyelse.
- Fight/flight: Kroppen mobiliserer energi, pulsen aukar, og du blir skjerpa. Dette kan vere nyttig i akutte situasjonar, men problematisk om du blir verande i denne tilstanden over tid.
- Freeze: Kroppen stivnar, energien låser seg, og du kan føle deg handlingslamma. Mange blir “frosne” i ein kronisk stressrespons utan å vere klar over det.
For å skape balanse må vi aktivere det parasympatiske nervesystemet, som hjelper kroppen med å roe seg ned og finne tilbake til tryggleik og kvile.
Vagusnerven – kroppens indre balansepunkt
Ein av nøklane til å regulere stress og skape indre ro ligg i vagusnerven – den lengste nerven i kroppen, som går frå hjernen, gjennom ansiktet og vidare ned i hjartet, lungene og fordøyingssystemet.
Vagusnerven styrer “kvile og fordøye”-responsen og spelar ei avgjerande rolle i:
- Regulering av hjarterytme og pust
- Stimulering av fordøyinga og tarmhelsa
- Produksjon av serotonin og dopamin, som gir glede, ro og stabilt humør
- Reduksjon av betennelse og stress
Når vagusnerven er aktivert, skapar vi ein følelse av tryggleik i kroppen, som igjen gjer oss meir motstandsdyktige mot stress.
Vaguspust – nøkkelen til ro og balanse
Måten vi pustar på, påverkar direkte vagusnerven og nervesystemet vårt. Medveten pust kan aktivere vagusnerven og skape umiddelbar ro i kroppen.
Ein enkel vaguspust-teknikk:
- Pust inn gjennom nasen i 4 sekunder
- Hald pusten i 4 sekunder
- Pust sakte ut gjennom munnen i 8 sekunder
- Gjenta i 3–5 minutt
Den lange utpusten stimulerer vagusnerven og aktiverer det parasympatiske nervesystemet, noko som gir ein følelse av tryggleik og kvile.
Tarmen – din andre hjerne
Visste du at 90 % av serotonin og ein stor del av dopaminet ditt blir produsert i tarmen? Tarmhelsa di påverkar ikkje berre fordøyinga, men også energinivået, humøret og evna di til å handtere stress.
- Ein sunn tarm gir meir stabilt humør, betre søvn og sterkare immunforsvar.
- Ein ubalanse i tarmfloraen kan føre til uro, nedstemtheit og energitap.
- Stress, antibiotika og dårleg kosthald kan forstyrre denne viktige kjemifabrikken.
Bevegelse – kroppens naturlege lykkerus
Bevegelse er ikkje berre viktig for fysisk helse – det er også ein av dei mest effektive måtane å frigjere endorfiner på, dei same stoffa som gir oss kjensla av eufori og lykke.
- Dopamin gir motivasjon og drivkraft.
- Serotonin gir stabilt humør og velvære.
- Endorfiner gir ein følelse av lykke – nesten som når vi er nyforelska!
Regelmessig rørsle kan hjelpe kroppen ut av freeze-modus, redusere stress og gi ein naturleg energi-boost.
Frå kunstige stimuli til naturleg velvære
Mange tyr til kunstige stimuli som sukker, koffein, alkohol eller rusmiddel for å føle seg betre. Men kroppen har sin eigen kjemiske fabrikk som kan gi oss dei same gode kjenslene – heilt naturleg!
- Djup pust = meir dopamin og serotonin
- Rørsle = ein naturleg endorfin-boost
- God tarmhelse = stabilt humør og energi
Lær å forstå kroppen din
Gjennom dette foredraget får du praktiske verktøy for å forstå korleis nervesystemet, pusten, bevegelsen og tarmen heng saman – og korleis du kan bruke denne kunnskapen for å styrke deg sjølv i kvardagen.
Vil du lære korleis du kan skape balanse og robust helse på ein naturleg måte? Bli med på foredraget!
Send mail til gunnmarit@gmbaktivhelse.no om du ynskjer avtale.
