Har du balanse i livet?

Å ha balanse i livet ??

Kva skal til for at du lagar deg eit liv i balanse ?

Kva ingridiensar treng du putte i vektskåla di for at du skal kjenne at du lever eit liv med overskudd , livsglede, lidenskap, tilstedeværelse , inspirasjon, latter og kva du måtte trenge for at DU syns livet ER GODT å leve ?

Denne sommaren har eg lagt på lading og virkelig fult opp batteri lagera til hausten ?

For meg er balanse mellom jobb og fritid viktig – balanse mellom å gje til andre og hugse på å fylle på næring til meg sjølv so eg ikkje vert utlada ( Hugs me er nett som ein mobil telefon – gløymer me å lada går den tom for straum og går i svart ) , balanse mellom å vera sosial og finne tid til eigentid og aleinetid. Balanse mellom trening og bevegelse og restitusjon, balanse mellom å velge sunnhet og helse men og gje rom for å yte og kose seg med god mat og drikke innimellom .Balanse mellom å gje kjærleik til alle ein er glad og bryr seg om til å gje seg sjølv den eigen kjærleiken ein fortjener .
Kanskje ein dose galskap og sprøe påfunn er viktig for deg også men blir gløymt i kvardagsstress og daglige rutiner ?

Dette er kva eg brenner for og ynskjer å hjelpa mine kunder med også? Å finne ut kva du treng – kva du treng påfyll av og kva kan gjere endringar på for å finne DIN BALANSE !

Heldigvis er INGEN like – so det som er rett for meg treng ikkje vere rett for deg ?

Men om alle finn sine svar og lever eit liv slik at du kan stråle om kapp med sola – då vil me alle løfte kvarandre fram og stå både tryggare og meir harmonisk i oss sjølve og unne kvarandre alt godt – istaden for å kjempe , snakke ned og bryte ned .

Hugs at ENDRINGAR starter med DEG !
Ingen kan gå vegen for deg ! Er du misfornøyd er det KUN du som kan gjere noko med det MEN ulike verktøya kan du få hjelp til å lære?

Lever du eir liv i balanse ? Eller syns du livet er eit ork , eit stress og eit jag ? At alle ser ut til å mestre livet utanom deg ? At alle er irriterande fordi du går på akkord med deg sjølv eller går på tvers av dine verdiar ?

Stopp opp- pust ut – pust inn -observer-korriger

Med ynskje om ein stråalnde fin dag.