Forundringspakke frå naturen 🌿✨

I natt opplevde eg noko heilt spesielt. Frå trening og bad med badstu i måneskin til morgonstund med tibetanske riter og meditasjon under fullmånen – ein måneformørkelse som sakte gav rom for soloppgangen. Eg sat der, midt i dette spelet mellom lys og mørke, og kjente meg uendelig rik.

Det slo meg kor mykje naturen gir oss heilt utan krav. Alt dette – lyset, fjorden, vinden som leikar med huda, varmen frå bålet, roen i stilla – er gåver vi kan ta imot kvar einaste dag, om vi berre gir oss tid til å stoppe opp.

Å vere her og no – frå autopilot til nærvær

Tankane våre har ein tendens til å fare – anten tilbake til det som var, eller fram til det som skal kome. Vi går på autopilot, planlegg, analyserer, grubler. Men akkurat her og no, i dette eine augeblikket, skjer livet.

Når vi vel å vende merksemda tilbake til pusten, tilbake til kroppen, tilbake til sansane, då skjer det noko magisk.

Eg kallar det ei forundringspakke. Når eg slepp tankane om kva som burde vere eller kunne ha vore, og i staden opnar opp for det som faktisk er, då kan eg sjå kor rikt livet er – akkurat no.

Ei lita øving – stopp opp og sans

Vil du ta imot ei forundringspakke frå naturen i dag? Prøv dette:

  1. Finn ein stad – Det kan vere ute i naturen, i hagen din, ved eit vindauge, eller midt i byen.
  2. Stopp opp og pust – Kjenn korleis kroppen din møter underlaget. Trekk pusten djupt inn, slepp han sakte ut.
  3. Opne sansane – Kva ser du? Kva høyrer du? Kva luktar du? Korleis kjennest lufta mot huda?
  4. Vær her ei lita stund – La tankane kome og gå, men utan å henge deg opp i dei. Berre observer.
  5. Ta imot – Er det noko i dette augeblikket som følest som ei gåve? Ei farge, ein lyd, ei kjensle av ro?

Naturen ventar på deg

Vi treng ikkje reise langt for å finne magi i kvardagen. Ho er her, rett framfor oss, i det heilt enkle – i ei regndrope som fell på kinnet, i solstråler gjennom blad, i lyden av bølgjer eller fuglesong.

Så kva om du tek deg tid i dag? Stoggar litt. Opnar opp. Tek imot.

Eg vil gjerne høyre – kva legg du merke til når du verkeleg er til stades? Del gjerne dine opplevingar i kommentarfeltet!

Fysiosling i måneskinn💕

Fullmåne med måneformørkelse fredag 14.03.25