Gje slepp for å gje rom til det nye – Dagens praksis for eigenkjærleik og vekst❤️
Sommaren minner oss om noko heilt grunnleggjande i alt som har med personlig utvikling og transformasjon å gjere: Før noko nytt kan få grobotn, må noko gammalt få sleppe.
Det handlar ikkje om å presse fram endring – det handlar om å skape rom for den. Eigenkjærlighet byrjar med aksept. Med nærvær. Med viljen til å møte deg sjølv slik du er – og likevel sleppe det du ikkje lenger treng.
Kvifor er det viktig å sleppe det gamle?
I møte med vekst og endring, er det lett å gå rett på:
– Kva skal eg gjere? Kva skal eg oppnå? Kva er neste steg?
Men det er først når vi stoppar opp og spør:
Kva held eg fast i – som det er tid for å sleppe?
Kva slags energi, tankar eller vanar er klare for å falle bort?
Denne praksisen knyter oss til kroppsbevissthet, fordi kroppen veit ofte meir enn hovudet. Ho ber på vanemønster, spenningar, frykt og gamle historier. Når du slepper dei gjennom pust og bevegelse, skjer ekte transformasjon.
Dagens øving: Gje slepp for å gje rom
🧘🏽 1. Still eit ærlig spørsmål:
Sett deg i ro og spør: Kva i meg er klart for å sleppe?
Skriv gjerne ned stikkord – eller berre lytt innover.
💨 2. Pust djupt ut – og slepp:
Bruk pusten til å rydde plass.
Pust inn klarheit – pust ut det du slepper.
Gjer 10 pustesyklusar med merksemd.
🌀 3. Rør deg med intensjon:
Stå opp og rør kroppen – mykt og intuitivt.
Kjenn etter: kvar i kroppen sit det gamle fast?
Dans det ut, mjuk det opp. Skap flyt.
🌱 4. Inviter det nye:
Spør: Kva ønskjer eg å invitere inn?
Det kan vere ei ny kjensle, ei rørsle, ei retning.
La det kome stille og sant.
Mantra for dagen:
Eg gjev slepp med kjærleik.
Eg gjer rom for det som vil vakse.
Kva får du ut av denne praksisen?
– Auka kroppsmedvit og sjølvaksept
– Oppleving av indre ro og klarheit
– Sterkare forankring i livets naturlege rytme
– Ei kjensle av friheit og flyt i kroppen
– Djupare kontakt med din indre stemme
Gje slepp. Pust. Beveg deg.
Det er ikkje flukt – det er styrke.
Det er ikkje å gi opp – det er å gi rom.
Hos GMB Aktiv Helse er me her for å støtte di reise tilbake til deg sjølv – gjennom rørsle, pust, nærvær og indre tryggleik.
🌸 Søker du fleire daglige praksisar?
Følg med i juni-serien vår og bli med i lukka Facebook-gruppa for fleire daglige inspirasjonar i liv i balanse. Du finn meir info på facebook sida GMBaktivhelse
