🌞 Solsnu, rytmeskifte og ein sommarhelsing frå GMB Aktiv Helse
- juni står me midt i det lysaste punktet på året. Sola snur.
Sakte – nesten umerkeleg – vender lyset seg innover igjen.
Solsnu er eit kraftfullt symbol på rytmeskifte. Ein overgang frå det ytre til det indre. Frå full blomstring til djupare røter.
Og det inviterer oss til å lytte. Til kroppen. Til naturen. Til det som vil vekse vidare – og det som vi kan sleppe taket i.
I ei tid der mange lever i høgt tempo og konstant beredskap, minner sommarsolkverv oss om at alt har si eiga rytme. Det gjeld også deg. Din kropp. Ditt liv. Din bevegelse.
🦋 Haustens rytme – og nye muligheiter
I august startar ein ny sesong hos GMB Aktiv Helse.
Kursa er no opne for påmelding – og eg gleder meg til å ta imot både nye og kjente deltakarar i rom som støttar både styrke, kvile og livsglede.
Nytt på timeplanen i haust:
- Deva Yoga er tilbake – ein mjuk og terapeutisk yogaform for deg med stress, søvnutfordringar eller muskel-/skjelettplagager/kronsike smerter
- Mentorprogram i ny og fordjupa form – info kjem i august!
👉 Sjå heile timeplanen og meld deg på via: www.gmbaktivhelse.no
🌸 Ei sommarhelsing frå hjartet
Takk for at du er ein del av GMB-fellesskapet – eller kanskje nysgjerrig på å bli det.
Eg ønskjer deg ein sommar fylt med varme, kvile, rørsle og livskraft.
La kroppen få landa. La pusten få rom.
Og når hausten kjem – la oss ta nye steg saman.
Med sol og sommarvind,
Gunn Marit
🦋 Glede Med Bevegelse
