GMB Aktiv Helse AS er eit privat eigd foretak med fokus på førebyggjande og  helsefremmande helse.  Me ser på aktivitet som medisin .

Gjennom livet tilpasser kroppen seg det livet me legg opp til. I dagens samfunn med mykje stillesittande aktitivitet vert det å bevege seg for å skape stimuli til både muskel/skjelett, nervesystemet, sirkulasjonssystemet og lymfesystemet viktigare enn nokon gong.  Gjennom bevegelse, pust og øving på nærver til eigen kropp og psyke kan me lære meir om vår eigen kropp og eigne behov og dermed tilføre den næringa som kroppen vår treng. Gjennom pust og bevegelse nærer me alle systema  kroppen og me får ein gladare og meir tilfreds kropp.  Kroppen er vårt tempel og ved å iverata  oss sjølve på ein god, nærande og hensiktsmessig måte vil me trives betre i oss sjølve og våre omgivnader. Me vil ta betre val som vil få positive ringverkander både for oss sjølve og dei rundt oss. Bevegelse og pust -alt i frå rolegare meditative bevegelsar til raskare tempo og meir pust og puls vil stimulere hormonsystmet vårt. Gjennom samtale kan me hjelpe deg til å finne kva aktivitetsbehov du treng og kva trening som vil vere best for deg der du er akkurat no. Dette varierer gjennom livet alt etter kor mykje belastninger du har fysisk/emosjonelt/psykologisk der du er idag.

GMB står for Glede Med Bevegelse.
Gjer kroppen din glad og bra ved å gje den bevegelse som DIN kropp likar og treng.

Me har lang erfaring og god kompetanse innan vårt fagfelt.  Ta kontakt for veiledande samtale og me tilpassar til dine behov.

Villa-Dorothea-Retreat

Villa Dorothea retreat 2024

Ta Krafta tilbake i eigen kropp! Meld deg på her 28. september – 5. oktober 2024 er du invitert til ei veke med Glad kropp – bygg deg sterk innafrå…

Les meir

Våre tenester

Individuell behandling

Fysioterapi, Neurac (slynge), Muskelterapi/Massasje, Stretching, Idrettsskadar, Coaching, Personleg treningsveiledning

Les meir

Kurs og foredrag

Glad kropp, Devi Yoga, Ernæring og livsstil, Sterk og stabil mamma, Stressmeistring, Kvardagsbalanse, Nakke-, skulder-, rygg-kurs

Les meir

Gruppetrening

Handy mann, Seniortrening, Vassaerobic, Skadeforebyggande, Lavterskel, Kraftgang, Gla trening, lavterskeltrening etter kreftbehandling, Haustsprett'n, Boksing for parkinsonpasientar, Supersplash

Les meir

Ord

«Over tida har Gunn Marit følgt meg tett. Som behandlar er Gunn Marit grundig og gjer seg ikkje før eg står med den medaljen eg vil ha rundt halsen! Ho er verkeleg ei dama med mykje kunnskap og ei eg vil anbefala til alle og ein kvar.» -Christine Hagatun 26 år, kickbokser

«Eg kom i kontakt med Gunn Marit og GMB Aktiv Helse gjennom toppidrettslinja ved Voss gymnas, då eg hadde plager i ryggen. Mi erfaring med Gunn Marit som fysio er bare bra. Eg føler meg trygg og sikker på at alt me gjer hjelper meg i riktig retning. Gunn Marit er ei viktig person i mi satsing 🙂 » -Georg Hernes, kulekøyrar

«Etter 2,5 mnd med opplegget til Gunn Marit var status -10 kg og ufattelege 15 cm reduksjon av livvidda. Energinivået er 100% betre og det er blitt slik at me framleis trenar i alle fall tre dagar i veka, helst meir. Følelsen av å være skrytestolt av seg sjølv fordi ein har teke ein lang joggetur i ausande regn er ein sjeldan god følelse.» - Jan Ove Mjånes

Våre kjerneverdiar

Bevegelse og glede

GMB står for "Glade Menneske Blømer". Treningsglede og livsglede er to av dei viktigaste verdiane våre.

Gode felleskap

Uansett om du er gamal eller ung, idrettsutøvar eller sofaslitar, skal du føla deg trygg og ivareteken hjå oss.

Meistring

Med fagleg kunnskap i botnen hjelper me deg til å fungera optimalt ved å sjå deg som menneske og støtta dine behov og ressursar.

Me har mange tankar som me ynskjer å dele med deg

Følg med på vår Facebookside for info om nye kurs, og les våre tankar om korleis bli eit heilt menneske i kropp og sjel.