Retreat 2025 – Glede med bevegelser

11-18 oktober 2025 får du anledning å reise på tur med GMB Aktiv Helse til Villa Dorothea i Spania.

Hovedmålet til Gunn Marit og Beate er at du skal gjennom veka kjenne Glede Med Bevegelse gjennom ulike varianter av treningar. Vi skal ha det kjekt saman og trene i eit positivt og trygt felleskap. Noko vil du syns er lett og kjekt, andre ting kan vere tungt, vanskeleg og utfordrande men når du opplever meistring vil du ha lært noko nytt om både deg sjølv og kroppen din.

Det vil holdt fokus på at alle skal trene ut i frå sine premissar og sin kropp og dette kan variere med dagsform. Det kan også bli ei form for mental trening der ein lærer seg grensesetting. Skal eg presse eller skal eg kvile/restituere. Dette og mykje anna vil vere tema under veka.

Ingen veit korleis kroppen reagerer på dei ulike aktivitetane før, etterpå og undervegs i veka. Itillegg får du sunn og næringsrik mat og lite tilgang på sukker som også kan gje ein reaksjon i deg både med auka energi men også noko uro. Dette er heilt normalt og dette vil Gunn Marit og Beate vere behjelpleige med å tilpasse for deg under veka. Du skal både føle deg trygg og ivaretatt på prossesen undervegs.

Som resultat reiser du heim fylt med masse gledehormoner, ny energi og motivasjon til å fortsette hausten med gode vaner og øvingar som styrker deg, nærer deg og gjer deg godt slik at du tar vare på deg sjølv og helsa di på ein god måte.

Programmet

Kvar morgon vil du få starte med morgon strekk med Gunn Marit/Beate der me vekker liv i kroppen gjennom pust og mjuke bevegelsar. Etter ein liten pause etter frukost vil det bli lagt ulike økter som kondisjon, styrke/stabilitetstrening eller basseng trening.

Det vil verte ein vandringtur til Orxeta ca 7 km. Her vil det bli fokus på kraftgange og kjernemuskulatur itillegg til kondisjon. Det vil også bli ei kondisjonsøkt på morgonen på stranda i Villa joyosa med mulighet for bad i middelhavet etterpå. Dei som ynskjer ein strandadag kan vere her resten av dagen eller ein reiser opp igjen til Lunsj på Villa Dortohea.

Fokus i løpet av veka er å gjennomføre økter som ivaretar din kropp på ein god måte gjennom ulike treningsmetoder. Du vil få innføring i god teknikk under gjennomføring.

Det vil bli lagt opp til både litt krevande økter og rolige økter, men alle tilpasser øktene til sin form og sin dagsform. Stikkord er type trening er styrke, stabilitet/balanse/kondisjon, fleksibilitet, pust, kjernemuskulatur og frihet i eigen kropp.

Meir detaljert program kjem seinare.

Coachar

Gunn Marit er utdanna fysioterapeut og har lang erfaring innan trening både rehabilitering og forebyggande/helsefremmande grupper. Ho brenner for at folk skal bli glad i den kroppen ein har og bygge seg sterk innafrå og ut. Gunn Marit har eit varmt blikk for den einskilde og får kvar og ein til å føle seg sett og inkludert. Grunna lang erfaring klarer ho å tilpasse trening til den enkelte sjølv om ein trener saman i gruppe.

Beate har mastergrad i fysisk aktivitet og helse og har lang erfaring innan gruppetrening både friske og folk med nedsatt funksjonsevne. Beate møter alle med eit stort smil og har ei eige evne til å få folk til å gje det lille ekstra.

Maten

Maten på Villa Dorothea er ei oppleving i seg sjølv. Det vert laga mat frå botnen av og kokken tryller fram dei mest fantastiske smakfulle retter. Det er frukost/lunsj og middag inkludert i pris. Maten på Villa Dorothea er vegetarisk. Det er tilgang til reint vatn og frukt gjennom dagen. I tillegg har du tilgang til basseng og solsenger inne på eige området.

Du kan evt gå til den lille landbyen Orxeta der dei har ein liten landhandel eller du tek taxi i ca 15 min ned til Villa Joyza der dei har cafeer, restauranter og butikker. Dette koster per i dag ca 20 euro / veg.

Pris

Overnatting med 3 måltider per dag, treningar/workshop, transport til/frå stranda på morgonmeditasjonen, vatn og frukt. I tillegg har du tilgang til basseng inne på eige området.
14.500 kr for dobbelt rom
15.500 kr for enkelt rom

Fly t/r og taxi t/r er ikkje inkludert i pris og dette må bestillast sjølv. Det samme gjeld gongbad og massasje av massør som du kan bestille hjå under oppholdet.

Du betaler inn 3500 kroner i depositum. Denne vert ikkje refundert ved evt avbestilling. Anbefaller at du sjekker at du har reiseforsikring i orden dersom det oppstår sjukdom

Meld deg på her

Villa-Dorothea-Retreat
Retreat 2025 – Glede med bevegelser

11. oktober – 18. oktober 2025

⚲ Villa Dorothea, Orxeta, Spain

Pris:
kr 14.500,- for dobbelt rom
kr 15.500,- for enkelt rom