Retreat 2025 – Kvinnekrafta
Ta Kvinnekrafta tilbake i eigen kropp!
18 oktober – 25 oktober 2025 er du invitert til ei veke med fokus på å finne di Kvinnekraft.
Programmet
Morgon øktene vil gje fokus på å bevege kroppen for å skape sirkulasjon i bindevevet samtidig gje stabilitet/balanse og fleksibilitet i kroppen gjennom mjuke bevegelsar og pust. Dette vil gje deg god kontakt med din kjerne muskulatur som igjen bidrar til at du står stødigare og tryggare i eige liv. Dette igjen vil gje deg rom for meir fleksibilitet og spontanitet då kroppsstrukturane dine og refleksane dine er meir opne og våkne til det som foregår i livet.
Det vil i tillegg bli 2 ettermiddags økter med Deva yoga der me puster og aktiverer det parasympatiske nervesystemet som gjer oss ro og regenerasjon og me henter nye krefter til nye opplevelsar neste dag.
Gjennom praktiske øvingar og merksemd om kva som føregår i eigen kropp, pust og spenningsmønster vil Gunn Marit gjennom praktiske øvingar bevisstgjere dykk på korleis dette fungerer i eigen kropp på ein mjuk og ivaretakande måte.
To kveldar vil det bli Gongbad med Liv Freya Grette. Gongbad er ei form for meditasjon/avspenning der kroppen får lydmassasje gjennom nydeleg musikk skapt av ulike instrument. Her vil kvar og ein ligge på matte og berre nyte musikken frå instrumenta. Tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar som ikkje har prøvd dette før er at det var ei behageleg stund der ein kunne berre flyte og berre vere. Dette kostar 10 euro per gong om du ynskjer vere med.
Det vil bli lagt opp til to vandringer med Gunn Marit. Den eine på ca 7 km som er ein rundttur rundt Orxeta der me legg inn ulike sanseopplevingar itillegg til gangfunksjon med fokus på kjernemuskultur og kraft fråspark den andre er ei vandring langs middelhavet på ca 6 km som me går etter morgon meditasjon med Tibetanske riter. På denne vandringen vil me finne fram urkrafta vår med ulike verkemiddel på vegen.
Det tek ca 15 minutt med taxi frå Villa Dortohea til Villa Joyza der det er nydeleg sandstrand. Dei som ynskjer det kan ha ein stranddag her etterpå og nyte ein deilig lunsj på nydelege Villa Joyza eller ta taxi opp igjen til lunsj på Villa Dorothea.
Meir detaljert program kjem seinare.
Maten
Maten på Villa Dorothea er ei oppleving i seg sjølv. Kokken Cathrine lagar all mat frå botnen av og tryller fram dei mest fantastiske smakfulle retter. Det er frukost/lunsj og middag inkludert i pris. Maten på Villa Dorothea er vegetarisk. Det er tilgang til reint vatn og frukt gjennom dagen.
Pris
Overnatting med 3 måltider per dag, treningar, 2 vandringar med transport til/frå, vatn og frukt. I tillegg har du tilgang til basseng inne på eige området.
14.500 kr for dobbelt rom
15.650 kr for enkelt rom
Fly t/r og taxi t/r er ikkje inkludert i pris. Det er heller ikkje gongbad (10 euro) eller middag i Altea (har mogelegheit å ete på Villa Dorothea).
Depositum på 3500 kr betalast ved påmelding og er ikkje refunderbart utanom ved avbestilling av arrangør. Reiseforsikring dekker ved evt sjukdom.
Meld deg på her
Anbefaling om retreat på Villa Dorothea
Retreat anbefaling frå Anita Staurland som var med til Villa Dorothea i 2024
Les meir
18. oktober – 25. oktober 2025
⚲ Villa Dorothea, Orxeta, Spain
Pris:
kr 14.500,- for dobbelt rom
kr 15.650,- for enkelt rom