Master fysiosling
Master fysiosling i regi av GMB Aktiv helse AS
Fascia er dei siste åra blitt eit populært ord å bruke i mange anledninger innan både trening og behandling. Men kva veit me eigentleg om FASCIA?
Fascia blir ikkje no berre benevnt som kroppens største organ, men som eit fullverdig kommuniserande organ system, på lik linje med nervesystemet.
Dersom du ynskjer å skape bevegelse i dette "myofasciale kartet", er dette kurset for deg. Det vil gje deg ei forståing av den integrerte anatomien, funksjonelle kjedereaksjonar frå fot til isse, dei sensoriske kvalitetane og relasjonane mellom musklar og ledd. Dette er rett og slett uvurderlege kunnskapar.
Gjennom 60 minutt trening i 14-15 veker vil du bli tatt med på ei "reise" i kroppen der alle strukturar i kroppen får tilgang til bevegelse, auka sirkulasjon og oksygentilførsel. Område som ikkje får bevegelse, vert stive og rigide og kan skape ein dominoeffekt med plager andre plasser i kroppen ved at bindevev/sener/musklar og ledd får nedsatt funksjon.
Gjennom bevegelse, pust og somatisk tryggleik vil Gunn Marit føre deg til ein meir sterk, stabil, balansert og fleksibel kropp.
For å delta på master fysio-sling må du ha gått gjennom fysio-sling 1 for å lært dei grunnleggande prinsippa.
Påmelding til gunnmarit@gmbaktivhelse.no eller gjennom skjema:

Mandagar (Voss) kl 19.30 – 20.30
Oppstart: 6. januar
15 gonger
Pris: kr 3.500,-
Torsdagar (Grimo) kl 19.00 – 20.00
Oppstart: 16. januar
14 gonger
Pris: kr 3.250,-