Lastar Hendingar

Villa Dorothea retreat 2024

Villa-Dorothea-Retreat

Ta Krafta tilbake i eigen kropp!

28. september – 5. oktober 2024 er du invitert til ei veke med Glad kropp – bygg deg sterk innafrå og ut på Villa Dorothea Retreat!

Morgon øktene vil gje fokus på å bevege kroppen for å skape sirkulasjon i bindevevet samtidig gje stabilitet/balanse og fleksibilitet i kroppen gjennom mjuke bevegelsar og pust. Dette vil gje deg god kontakt med din kjerne muskulatur som igjen bidrar til at du står stødigare og tryggare i eige liv. Dette igjen vil gje deg rom for meir fleksibilitet og spontanitet då kroppsstrukturane dine og refleksane dine er meir opne og våkne til det som foregår i livet.

Det vil i tillegg bli 2 ettermiddags økter med Deva yoga der me puster og aktiverer det  parasympatiske nervesystemet som gjer oss ro og regenerasjon og me henter nye krefter til nye opplevelsar neste dag. Det er viktig å oppretthalde ein balanse mellom det sympatiske og parasympatiske nervesystemet i løpet av ein dag.

Gjennom praktiske øvingar og merksemd om kva som føregår i eigen kropp, pust og spenningsmønster vil Gunn Marit gjennom praktiske øvingar bevisstgjere dykk på korleis dette fungerer i eigen kropp på ein mjuk og ivaretakande måte.

Denne gongen vil det også bli anledning å få følge i pilgrimenenes fotspor på ein behageleg måte. Me følger to dags etapper av ruta "Camino Lano". Fyrste etappe vil gå frå kystbyen Villajouza som ligg 10 minutt frå Villa Dorothea med taxi. Her vil me starte turen med eit morgonbad i Middelhavet. Deretter vil me starte vandringen som er ca 4,5 km til Orcheta. Guiden vår Liv Freya Grette vil føre oss trygt fram til Orcheta der me vil ete lunsj på restauranten El Panto. Dagsetappe 2 vil gå frå Villa Dorothea Via Orcheta til Relleu her me et lunsj på Casa alta. Denne etappen er på ca 8 km. Me vil gå deler av vandringane i stillhet.

To  kveldar vil det bli Gongbad med Liv Freya Grette. Gongbad er ei form for meditasjon/avspenning der kroppen får lydmassasje gjennom nydeleg musikk skapt av ulike instrument. Her vil kvar og ein ligge på matte og berre nyte musikken frå instrumenta. Tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar som ikkje har prøvd dette før er at det var ei behageleg stund der ein kunne berre flyte og berre vere. Dette kostar 10 euro per gong om du ynskjer vere med.

Maten på Villa Dorothea er ei oppleving i seg sjølv. Kokken Cathrine lagar all mat frå botnen av og tryller fram dei mest fantastiske smakfulle retter. Det er frukost/lunsj og middag inkludert i pris. Maten på Villa Dorothea er vegetarisk. Det er tilgang til reint vatn og frukt gjennom dagen. I tillegg har du tilgang til basseng inne på eige området.

Fredags kveld vil det verte lagt opp til felles middag i nydlege kystbyen Altea. Denne turen er ikkje inkludert i felles pris. Du kan vere igjen på Villa Dorothea om du ynskjer det.

Pris for overnatting med 3 måltider per dag, treningar, 3 vandringar med transport til/frå, vatn og frukt kjem på 14.650 for dobbeltrom og 15.650 kr enekelt rom (9 stk enkelt rom og 4 stk dobbeltrom)

Fly t/r og taxi t/r er ikkje inkludert i pris. Det er heller ikkje gongbad (10 euro) eller middag i Altea (har mogelegheit å ete på Villa Dorothea).

Meir detaljert program kjem seinare.

Depositum på 3500 kr  betalast ved påmelding og er ikkje refunderbart utanom ved avbestilling av arrangør.

(reiseforsikring dekker  ved evt sjukdom).

Meld deg på her:

Detaljar

Start:
28. september
Slutt:
5. oktober
Kategori:
Merkelappar:
,

Stad

Villa Dorothea
Orxeta, Spain + Google-kart