🦋 Kvinnekrafta Retreat 2026 – Ta kroppen tilbake
Ei veke for deg som vil lande, puste – og finne tilbake til deg sjølv. For mange kvinner kjem det eit tidspunkt der kroppen seier stopp. Kanskje har du over tid kjent deg sliten, stressa eller utbrent. Kanskje er du i overgangsalderen, eller rett og slett har levd lenge i høgt gir – der du har vore altfor mykje for andre, og altfor lite for deg sjølv.
Denne veka er for deg som kjenner at no er det di tid. Tid til å finne ro i eit trygt og nærande miljø – omgitt av sol, fjell, stillheit og menneske som forstår.
Ei veke for kropp og sjel 🌿
Gjennom pust, bevegelse og nærvær lærer du korleis du kan finne tilbake til tryggleiken i kroppen – og bygge kraft innanfrå.
Vi jobbar med:
- Pust og regulering av nervesystemet
- Bekkenbotn og kjernemuskulatur
- Fasciebevegelse og flyt
- Hormonsystem og stress
- Å møte kroppen med venlegheit, respekt og medvit
Vandringar i naturen 🚶🏼
Vi lar naturen støtte prosessen:
- Vandring rundt Orxeta – ei stille og nærande vandring der vi går delar av ruta i stillheit. Undervegs legg vi inn ei roleg meditasjon der du får lande i pust, kropp og sanser.
- Tur langs Middelhavet – ei mjuk og kraftfull oppleving der vi inviterer inn kjernekrafta og brukar teknikkane vi har lært tidlegare i veka: pust, bevisst haldning og trygg kontakt med kjernen.
Desse turane gjev kroppen rom for integrasjon – og hjartet rom for ro.
Programmet inneheld
- Daglege morgonstrekk og rolege pustsekvensar
- Workshop om nervesystem, hormonsystem og stressregulering
- FAMO / fascie-basert bevegelse med fokus på bindevev og haldning
- Kjernemuskulatur- og bekkenbotntrening
- Gongbad med Liv Freya (10 euro ekstra)
- Yoga Nidra, kvile og rolege økter i naturen
- To vandringar med Gunn Marit
- Frivillig utflukt til Guadalest – rangert som nr. 3 blant Spanias vakraste landsbyar (inkl. lunsj – 60 euro)
Du får tid til å vere åleine, og til å dele gylne augeblikk med dei andre deltakarane. Vi et god, sunn og næringsrik mat laga frå botnen med kjærleik, pustar inn frisk luft frå fjella, og lar kroppen sleppe stresset den har bore på.
🌺 Du kan prøve å tenkje positive tankar, men om kroppen stadig ropar «fare på ferde», er det umogleg å kjenne seg trygg.
Når kroppen finn ro, kjem tryggleiken – og då kjem krafta.
Pris
Overnatting med 3 måltider per dag, alle treningar og workshopar med Gunn Marit, 2 vandringar, vatn, kaffi/te og frukt. Gongbad og utflukt som tillegg.
15.000 kr i dobbelrom
16.500 kr i enkeltrom
Depositum: 3 500 kr (ikkje refunderbart ved avbestilling) – ved sjukdom dekker reiseforsikring eventuell refusjon.
Siste rest betaling: 1 august 2026. (etter dette er det ikkje mogeleg for avbestilling)
Meld deg på her:
Anbefaling om retreat på Villa Dorothea
Retreat anbefaling frå Anita Staurland som var med til Villa Dorothea i 2024
Les meir
📅 31. oktober – 7. november 2026 (veke 45)
📍 Villa Dorothea, Orxeta, Spain
✈️ Fly til Alicante (eigen taxi frå flyplassen, betales sjølv)
Pris:
kr 15.000,- for dobbelt rom
kr 16.500,- for enkelt rom
🦋 Begrensa antal plassar – totalt 16 deltakarar.
Små grupper gjer at alle får tett oppfølging, tryggleik og rom for eigentid, kvile og djup prosess.
