🌞 GLAD KROPP: Retreat – Bygg deg sterk innafrå og ut
Glad kropp er eit konsept Gunn Marit har utvikla gjennom 15 år – med røter i fysioterapi, fasciologi og bevegelsesglede. Denne veka er open for både kvinner og menn som ønskjer å bygge styrke, energi og ro frå innsida og ut.
Gjennom trygge, varierte økter får du oppleve korleis kroppen din kan bli både sterkare, friare og lettare – utan press eller prestasjon.
Innhald i veka
- Bindevevstrening og funksjonell styrke
- Kjernemuskulatur, haldning og pust
- Kondisjonstrening med flyt og glede
- Tur langs Middelhavet
- Tur rundt den vakre fjellandsbyen Orxeta
- Avspenning, stillheit og refleksjon
Her møter du fellesskap, latter og natur – og får kjenne korleis det kjennest når kropp og sinn byrjar spele på lag igjen.
Å bygge seg sterk innafrå og ut handlar ikkje om å presse kroppen – men om å lytte, bevege og puste liv i heile deg.
Om Gunn Marit og Villa Dorothea
Gunn Marit Bergstrøm – fysioterapeut, Fascia Movement-instruktør og Deva Yoga-lærar – formidlar med varme, humor og ekte nærvær. Ho kombinerer moderne kroppskunnskap med ei jordnær tilnærming til pust, fascie og kjernemuskulatur – og skaper rom for tryggleik, glede og meistring.
Villa Dorothea ligg i den vesle fjellandsbyen Orxeta, 15 minutt frå Villajoyosa og Middelhavet. Her er stillheit, sol, basseng og yogasal – og vegetarisk mat laga frå botnen med kjærleik og omtanke. Kvar måltid er ein sanselig oppleving – nærande, fargerik og full av liv. Dette er staden der du kan senke skuldrene, finne ro, sove godt og sakte kome heim til deg sjølv.
Pris
15.000 kr i dobbelrom
16.500 kr i enkeltrom
Depositum: 3 500 kr (ikkje refunderbart ved avbestilling) – ved sjukdom dekker reiseforsikring eventuell refusjon.
Siste rest betaling: 1 august 2026. (etter dette er det ikkje mogeleg for avbestilling)
Avbestilling
Avbestilling må skje seinast 6 veker før oppstart.
Ved seinare avbestilling må heile summen betalast.
(Sjukdom dekkast av eigen reiseforsikring.)
Meld deg på her:
Anbefaling om retreat på Villa Dorothea
Retreat anbefaling frå Anita Staurland som var med til Villa Dorothea i 2024
Les meir
📅 3. oktober – 10. oktober 2026 (veke 41)
📍 Villa Dorothea, Orxeta, Spain
✈️ Fly til Alicante (eigen taxi frå flyplassen, betales sjølv)
Pris:
kr 15.000,- for dobbelt rom
kr 16.500,- for enkelt rom
🦋 Begrensa antal plassar – totalt 16 deltakarar.
Små grupper gjer at alle får tett oppfølging, tryggleik og rom for eigentid, kvile og djup prosess.
