Kvinnelig vinterhelg på Finse

Ei helg for ro, natur og kropp. Ei helg for å kome heim til deg sjølv og hente fram urkrafta di i det opne, ville og vakre høgfjellslandskapet 🏔

Finse ligg 1223 meter over havet og er ein stad der stilla, vinterlyset og naturkreftene verkar inn på både pust, kropp og sinn. For Gunn Marit er dette fjellet ein del av røtene hennar. Ho budde sjølv på Haugastøl til ho var seks år der faren arbeidde på jernbanen. Bestefar var stasjonsmeister på Finse og barndommen vart forma av desse fjella. Å få vende tilbake hit med ei gruppe kvinner kjennest derfor naturleg, varmt og ekte.

Denne helga er laga for å gi kroppen det ho treng. Mindre stress, meir flyt, meir pust og djupare kontakt med di indre kjerne. Dette er ikkje ei helg for å prestere. Det er ei helg for å lande. Ei helg for å kjenne korleis naturen held deg og korleis kroppen får sleppe ned når alt rundt er stort og ope. Ingen forkunnskapar trengst. Berre eit ope sinn, ein nysgjerrig kropp og lysta til å ta imot det fjellet vil gi.

På Finse er naturen ein viktig del av rommet vi jobbar i. Det reine vinterlyset, stilla, vinden og dei vide flatene gjer at noko mjukt skjer i både nervesystem og pust. Det er rom for latter, gode måltid og fellesskap, men òg for stillheit og det å trekke seg tilbake når kroppen treng det.

📋 Innhald i helga

Bindevevstrening (FAMO) Mjuk, roleg og funksjonell trening som gir styrke innanfrå, frigjer spenningar og skapar flyt og fridom i kroppen. Passar for alle.

Workshop om nervesystemet Ei innføring i balansen mellom gass og brems. Du får enkle og praktiske verktøy som hjelper deg å regulere stress og finne tryggleik og ro i kvardagen.

Vagus-pust og kveldsregulering Mjuk landing på kveldstid med pust, tilstadever og ro. Økter som støttar hormonsystemet og gir kroppen signal om å sleppe ned.

Fjelltur i eige tempo Skitur på Finsevatnet eller rusletur mot Appelsinhytta. Moglegheit for ein kopp kakao på hotellet 1222. Om du ikkje vil gå på ski kan du kose deg framfor peisen med ei bok og ein varm kopp kakao eller berre vere.

Fellesskap med kvinner Ei helg utan prestasjon. Rom for varme, støtte, deling og kvinners fellesskap. Ei helg for å hente kraft frå hovudet ned til hjartet.

1

📌 Program


Fredag 

17.00–18.30: Lande etter veka og finne ro. Vagus-pust og mjuke øvingar som hentar kroppen inn og set stemninga for helga.

19.00: Middag og sosialt samvær.


Laurdag 

08.00: Frukost

09.00–10.30: Bindevevstrening med fokus på kjernemuskulatur, haldning og pust. Ei økt som klargjer kroppen for naturen ute.

Fritid frå klokka 11.00: Du vel det kroppen din treng. Du kan gå vidare på ski, ta ein roleg tur langs vatnet, lese ei bok i stuen på Finsehytta, kvile eller vere sosial med dei andre.

Gunn Marit er opptatt av at kvinner må øve på å lytte innover igjen. Mange av oss har lenge vore styrt av burde og forventningar utanfrå. Denne helga skapar rom for å kjenne etter kva du treng akkurat no. Aktivitet, kvile, sosialt eller stillheit. Alt er lov. Alt er rett.

Denne helga er ikkje ei quick fix, men ho kan gi deg eit lite løft som kjennest mogleg, realistisk og ekte. Ein start på ei endring der du får kjenne litt meir ro, litt meir kontakt og litt meir tillit til kroppen din. Og med verktøya du lærer her kan du halde fram heime i ditt eige tempo.

15.30–18.00: Workshop om nervesystemet. Balanse mellom gass og brems. Praktiske verktøy og innføring i nervesystemets rytmar. Rom for kraft, latter og frigjering av den snille pike.

20.00: Middag.


Sundag 

08.00–09.00: Frukost

09.00–10.30: Bindevevstrening for å hente kraft inn til deg sjølv. Ei roleg og nær økt som rundar av helga.

Du reiser heim med djupare pust, friare kropp og ny inspirasjon til å ta vare på deg sjølv


💼 Anbefalt pakkeliste

  • Termos
  • Drikkeflaske
  • Varme inneklede
  • Uteklede
  • Skiutstyr om du vil gå på ski
  • Solbriller og skibriller
  • Innesko eller ullsokker
  • Notatbok og penn

For øvrig det du måtte trenge på hytta (lakenpose, toalettsaker, etc.), solkrem, etc.


🛏 Overnatting

Deltakarane bur på 4-mannsrom som er standard på Finsehytta i vintersesongen. Dette skapar eit varmt og inkluderande fellesskap og samstundes rom for ro når du treng det. Overnattingen på Finsehytta inkluderer 3-retters middag (fre og laur), frukost, nistepakke til lunsj som du lagar sjølv under frukosten og påfyll av termos med kaffi/te/toddy.


🪷 Massasje

Det blir òg mogleg å få massasje under Kvinnehelga. Helene frå Knipetak kjem opp til Finsehytta og tilbyr si mjuke, avslappande muskelmassasje gjennom heile helga. Dersom du ønskjer ein time, kan dette enkelt bookast i resepsjonen under opphaldet.

Kvinnelig vinterhelg på Finse
Kvinnelig vinterhelg på Finse

📅 13. – 15. februar 2026 (veke 7)

📍 Oppmøtested: DNT Finsehytta
🔎 Turområde: Skarvheimen
🌱 Vanskelighetsgrad:
Enkel

Pris:
kr 5.220,- for DNT medlemar
kr 6.010,- for ikkje DNT medlemar

🩵 Begrensa antal plassar – totalt 20 deltakarar
🔗 Melde seg på