Deva yoga

Du har prøvd alle dei anbefalte metodane... men du opplever framleis vondt i kroppen (og har kanskje også vanskar med å sove?).

Du kjenner at du går glipp av hendingar som skapar gode minne med familie og vener (fordi du ikkje klarar å gjere like mykje som du gjorde før).

Du kjenner på stressnakke, hovudverk og muskelverk, men blir ikkje betre av å berre "slappe av".

Du merkar at ryggen, bekken og hofter kranglar, og du føler deg stiv i... ja... nesten "overalt" (og "vanleg trening" gjer det berre verre).

Du føler deg nesten litt utilstrekkeleg både på jobb og heime fordi du har lite energi (uansett kor mykje du kviler).
Du føler deg låg på energi, men likevel rastlaus og stressa, sjølv om livet er roleg for tida, og veit ikkje heilt korleis du skal finne att den roa og gleda du hugsar at du ein gong hadde.

Eller du ønskjer meir energi, styrke sjølvkjensla di og autentisiteten din... og berre ha verktøy som styrkar kroppen, gir deg meir indre ro og harmoni i kvardagen?

Deva Yoga er ein mjuk, terapeutisk og feminin yogaform opphavleg utvikla for førebygging, lindring og betring av muskel- og skjelettplagar, stressrelaterte plagar og søvn 🌿

Med 75 % av befolkninga som har muskel- og skjelettplagar, kronisk smerte og stress-/søvnrelaterte utfordringar (og dei fleste av dei kvinner), er det viktigare no enn nokon gong med verktøy som kvar enkelt kan bruke for å hjelpe seg sjølv.

Påmelding til dette kurset kan du gjere her:

front-view-woman-doing-yoga-mat
Deva yoga

Tysdagar kl 8.20 – 9.30

Oppstart: 28. oktober

7 gonger

Pris: kr 2.450,-