Silje Sellevold Ringheim

Eg valte å gå til Gunn Marit fordi det over lang tid hadde bygd seg opp mykje indre stress.
Eg starta saman med nokon andre ei eiga bedrift, KAMI Frisør og Barberstove våren 2018. Då
var eg mamma til to og endå i permisjon med ei lita jente på 6-8 månader.
Salongen gjekk betre enn forventa og me måtte bemanne opp. Dette har me gjort kvar år
etter start. Det var ei bratt læringsskurve å vera dagleg leiar og eigar. Eg kjente på presset
med å prestere for dei eg starta med, vera ein god leiar, ha mykje ansvar for andre sin
arbeidsplass og det økonomiske ved salongen. Mykje jobb og lite fysisk aktivitet sette sine
spor og vinteren 2019 hadde eg jobba på meg ein liten prolaps i ryggen, men eg køyrde på
likevel. Då koronaen kom toppa mykje seg og den sommaren begynte eg å kjenne på angst
når eg skulle sove, følte utmatting og var mykje sint og irritert heime – alltid høge skuldrer.
Rutinar vart dårlege og samvittigheta endå verre. Då eg var på jobb hadde eg dårlig
samvittighet for kor lite eg fekk hjelpt til heime, samtidig som eg bekymra meg for om dei på
jobb skjønte kor mykje eg jobba sjølv om eg ikkje alltid var på salongen med kundar.
Januar 2021 begynte eg hjå Gunn Marit på eit 6 vekers program. Her fekk eg ein time kvar
veke med ho og konkrete oppgåver og verktøy mellom kvar gong som eg skulle jobbe med.
Eg fekk ein utruleg mestring og såg på meg sjølv med litt snillare auge. Eg fann raskt ut
korleis eg kunne organisere dagane min betre og sette ein STOR strek mellom jobb og
familietid. Eg fann ut kva situasjonar som «trigga» meg og jobba spesielt med dei. Eg lærte
også verdien av å ikkje bry meg så mykje over kva andre tenkte og meinte om meg. Har dei
noko dei meiner om meg, så får dei sei det. Dei får ta ansvar over seg sjølv og over meg.
Eg føler eg har blitt ein meir positiv person og har fått meir energi ved å legge unødvendige
tankar til side. Eg føler eg har blitt ei betre mor og partnar i heimen, samtidig som eg har
blitt meir effektiv på jobb og får gjort meir på kortare tid. Eg føler også at eg har blitt ein
betre leiar og har større tru på meg sjølv.
Meir fysisk aktivitet var også eit delmål då eg byrja i januar. I ein travel kvardag var det
vanskeleg for meg å prioritere trening. Eg tenkte på trening som at eg måtte reise på
treningssenter og vera der minimum 1 time, OG det måtte vera «svettefest». Ved å senka
forventningane til meg sjølv og tenke på at 20 minutt tur faktisk er betre enn ingenting, så
kom eg meg ut. Målet var ein dag i veka. No går eg tur 3-4 gongar i veka. Dei er ikkje alltid
lange, men dei er betre enn ingenting. No har eg meldt meg inn på treningssenter og håpar
at eg klarer å få inn ei styrkeøkt i veka også etterkvart. Kanskje trening kan bli kjekt? Eg
kjenner vertfall at eg har meir energi og mindre vondt i kroppen. Det i seg sjølv er nok
motivasjon til å fortsette.
Gunn Marit er ein positiv og sprudlande person som gjev mykje energi. Lett å prate med og
tørr å stille deg spørsmål og problemstillingar som du kanskje ikkje alltid tørr stille deg sjølv.
Ho får tankane ut av komfortsona og slik veks ein og blir veldig godt kjent med seg sjølv.
Etter dette kurset har eg fått ein mykje betre kvardag og kan med handa på hjartet seie at
livskvaliteten berre blir betre og betre!
-Silje Sellevold Ringheim