LEV – Vilkår og ansvar

Generelle vilkår

Påmelding til LEV er bindande når søknad er godkjend og plassen er stadfesta av GMB Aktiv Helse AS. Kursavgifta kan betalast i sin heilskap eller gjennom avtalt delbetaling. Manglande deltaking på samlingar, Zoom-møte eller andre aktivitetar i forløpet gir ikkje rett til reduksjon i kursavgifta.

Avbestilling og refusjon

Ved avmelding meir enn 30 dagar før oppstart vert 50 % av kursavgifta refundert. Ved avmelding mindre enn 30 dagar før oppstart vert kursavgifta ikkje refundert. Eventuelle unntak ved alvorleg sjukdom eller andre særlege forhold kan vurderast individuelt. Overnatting, mat og reise til samlingane kjem i tillegg til kursavgifta.

Ansvar

LEV er eit utviklingsforløp og erstattar ikkje medisinsk behandling, fysioterapi, psykoterapi eller annan helsehjelp. Som deltakar har du sjølv ansvar for eiga helse, eigne val og eiga deltaking gjennom forløpet. Ved sjukdom, skade eller helseutfordringar er det ditt ansvar å kontakte lege eller anna kvalifisert helsepersonell ved behov. GMB Aktiv Helse AS kan ikkje haldast økonomisk ansvarleg for skadar, tap eller helseutfordringar som oppstår i samband med deltaking i forløpet.

Personvern og konfidensialitet

Personopplysningar som vert oppgitt i samband med søknad og deltaking vert handsama konfidensielt og i samsvar med gjeldande personvernregelverk. Deltakarar vert oppmoda til å vise respekt for personlege opplysningar og erfaringar som vert delte i gruppa.