Laster Arrangementer

Matglede og yoga på Grimo

Billetter

The numbers below include tickets for this event already in your cart. Clicking "Get Tickets" will allow you to edit any existing attendee information as well as change ticket quantities.
Komplett påmelding til Matglede og yoga på Grimo
Sikra deg plass ved å betale full påmeldingsavgift i dag. Så er det berre å gleda seg!
5.800,00
8 tilgjengelig

Matglede, yoga og lydbad i Hardanger

6-9 juli 2023 får du anledning å oppleve Grimo i Hardanger med ein internasjonal touch.

Vegetarkokk Katrine Goldmann gjer oss dei beste vegetariske rettane desse dagane, Gunn Marit Bergstrøm og Liv Freya Grette held yoga, fjell vandring og gong bad.

Vegetarkokk Katrine er opprinneleg frå USA men har siste 7 år jobba i Spania, no hjå Villa Dorothea. Liv Freya Grette er frå Tønsberg. Ho er både Hata yogalærer og Medi yoga lærer og eigar av Villa Dorothea i Spania.  Gunn Marit Bergstrøm er frå Voss. Ho er eigar og drivar av GMB Aktiv Helse AS, er utdanna fysioterapeut, Deva yoga lærer og ellers lang erfaring innan gruppetrening.

Dette kurset blir eit unikt kurs skreddersydd til deg som vil oppleve vegansk mat og få eit «min vegansk matkurs» med på kjøpet. Det vil bli rolig yoga som høver alle, fjelltur i nydelige omgivnader i Hardanger og gongbad ved vakre sørsjorden i Hardanger om kvelden.

Du vil få oppleve ro, harmoni og stressfri sone desse dagane. Når du gjer kropp og sin rom for kvile transformerast energien ofte i auka kreativitet og livsglede. Vårt mål er at du kan reise heim med lågare skuldre, meir avslappa ansikt og eit større smil om munnen enn når du kom.

Kurset har plass til 8 overnattingsgjester, med 4 dobbelt rom, slik at det blir eit ekslusivt kurs for dei som deltar.

Pris per person er 5800 kroner for overnatting torsdag til søndag, inkludert 3 veganske måltid for dagen, kaffi/te/ vatn , yoga, fjelltur og gong bad.

Det er mogeleg å kjøpe dagsbillett  fredag og lørdag for inntil 6 personer per dag. Prisen er då 17oo kroner for heile dagen med 3 måltider, yoga og fjelltur inkludert.

Grimo ligg langs sørfjorden, 5 minutt frå Utne ferjekai og 40 minutt frå Odda. Det ligg midt i fruktparadiset i Hardanger. Beliggenheten til huset er rett ved sjøen, so du får anledning til å hoppe rett i sjøen når du har stått opp. På kaien er det mogeleg å bestille badstu. Fjella ligg tett på  og det vert lagt opp til vandring der du vil få oppleve spektakulær utsikt over Hardangerfjorden.

Spørsmål til gunnmarit@gmbaktivhelse.no

Mvh Gunn Marit, Liv Freya og Katrine.

Detaljer

Start:
6. juli
Slutt:
9. juli
Kostnad:
5.800,00
Kategori for Arrangement:
Arrangement Tags:
,

Sted

Grimo
Hardanger 5700 Norge + Google-kart