Laster Arrangementer

Glad kropp på Villa Dorothea Retreat

Billetter

The numbers below include tickets for this event already in your cart. Clicking "Get Tickets" will allow you to edit any existing attendee information as well as change ticket quantities.
Komplett påmelding Glad Kropp på Villa Dorothea
Sikra deg plass ved å betale full påmeldingsavgift i dag. Så er det berre å gleda seg!
13.650,00
14 tilgjengelig
Depositum Glad Kropp på Villa Dorothea
3.000,00
14 tilgjengelig

Bygg deg sterk innafrå og ut!

28. oktober – 4. november 2023 er du invitert til ei veke med Glad kropp – bygg deg sterk innafrå og ut på Villa Dorothea Retreat!

I desse nydelege omgjevnadene vil du bli møtt med hjartevarme, gode smil og ein herleg harmonisk atmosfære.
Du vil få anledning til å senka skuldrene, nyta herlege berikande sunne måltider med vegansk vri, drikka vatn frå mineralrike kjelder, få trent både kropp, hjarte og lunger både med trening, djupe pust, rørsle og lattermuskulatur. Det blir lagt opp til ei nydeleg fellesutflukt der me vandrar langs middelhavet og får frigjort spenningar som me ikkje treng bæra på lenger, og henta ny kraft og styrke. Etter turen bader me i Middelhavet og et lunsj på stranda.
Det vil og bli tid til strandliv og ein tur på Markedet på Villa Joyza, eller ein shoppingtur til Altea til dei som ønskjer det.

Kanskje du ikkje har reist alene på tur før, liker å reisa alene men savner nokon å reisa med eller er reisevant. Dette er ein tur for alle. Du kan vera godt trent, midt i mellom, eller ikkje trent fra før, då Gunn Marit tilpasser timane til einkvar og har øvingar som utfordrar den spreke og gir mestringsfølelse til den utrena.

Gunn Marit Bergstrøm som leier turen, er utdanna fysioterapeut og Holistisk yoga instruktør. Ho har lang erfaring som terapeut og innan gruppetrening, idrettsmedisin og anatomy train in Motion. Ho brenn for å inspirera menneske til å ta vare på seg sjølv. Dette gjer ho på ein god og omsynsfull måte gjennom fysisk trening, mental trening, meditasjon og restitusjon. Motto hennar er:

«Når me finner den gode balansen i livet og kjenner på livskraft innanfrå og ut, fyrst DÅ kan me stå stødig i livet uavhengig av livsituasjon!»

Gunn Marit vil dela raust av si store verktøykasse denne veka. Det gjer henne gjennom å få menneska som er med henne til å kjenna seg tryggja og frie, gjennom det kan ein frigjera spenning som igjen blir transformert til styrke. Å byggja seg sjølv sterk innafrå og ut både med pust, styrkja/ stabilitetstrening men også mental trening.

Gunn Marit geleider deg gjennom veka med sitt sprudlande vesen. Hennar styrke ligg nettopp i å sjå kvar enkelt deltakar, der han eller ho er akkurat den dagen og å bevisstgjere den enkelte på å ivareta seg sjølv der ein er akkurat då, og lytta til kroppen sine signal, slik at ein ivaretek seg sjølv på ein god og omsorgsfull måte. Det blir super kjekt om du vil vera med på tur!

Du vil få 3 veganske måltider om dagen, frukt, vatn henta frå drikkevasskjelde i fjellet, morgenkåpe, trening, yoga meditasjon, gongbad og utflukter inkludert i prisen.
Det blir lagt opp til 2-3 faste økter om dagen med ulikt innhald. Det er mogleg å leggja inn ein strand dag eller to om du ønskjer det istaden.

Fly, transport til og fra flyplass og ellers tur på eige initativ er ikkje inkludert i prisen, evt tur til stranda , shopping etc. Det er muleg å kjøpa økologisk vin til maten. Dette er heller ikkje inkludert i prisen.

Detaljer

Start:
28. oktober
Slutt:
4. november
Kostnad:
3.000,00-13.650,00
Kategori for Arrangement:
Arrangement Tags:
,

Sted

Villa Dorothea
Orxeta, Spain + Google-kart